Belgisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Belgia
Landskap i Hautes Fagnes i Ardennane

Belgisk geografi omfattar geografien til Belgia, eit land i Vest-Europa som ligg mellom Nordsjøen, Frankrike og Nederland. Det har geografiske koordinatar 50°50′N 4°00′E.

Belgia har ei flatevidd på 33 990 kvadratkilometer, og er delt inn i tre geografiske regionar: Kystsletta i nordvest, det sentrale platået og Ardennane i søraust. Kystsletta består hovudsakleg av sanddyner og dikelandskap. Dikelandskapet er landområde nær eller under havnivå, der ein held havet ute ved hjelp av diker, eller sletter som er drenert ved hjelp av kanalar. Det sentrale platået er eit jamnt område som sakte stig innover i landet, og har mange fruktbare dalar og er irrigert av mange vassvegar. Her finn ein òg meir kuperte område, inkludert grotter og små gjel.

Til slutt har ein Ardennane, som er meir kupert enn resten av landet. Det er eit tett og kupert skogområde, som ikkje egnar seg så godt til jordbruk. Området strekkjer seg inn i nordlege delar av Frankrike, og inn i Tyskland, der området heiter Eifel. Det er her ein finn det meste av dyrelivet i Belgia. Det høgaste punktet i Belgia, Signal de Botrange med 694 meter, ligg òg i dette området. Belgia har relativt få naturlege innsjøar, og ingen av dei er store.

Belgia deler grenser med Frankrike (620 km), Tyskland (167 km), Luxembourg (148 km) og Nederland (450 km). Den totale landegrensa er 1 482 km, i tillegg til 73,1 km med kystlinje. Belgia er tilnærma det geografiske midtpunktet i Vest-Europa, og alle dei store hovudstadane i Vest-Europa ligg innanfor 1 000 km frå Brussel, som er hovudsetet for både EU og NATO. Frå søraust til nordvest er landet 280 km langt, og frå nordaust til sørvest 222 km.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Belgia har store miljøproblem på grunn av tett folkesetnad og plasseringa sentralt i Vest-Europa. Ein rapport frå 2003[1] tyder at vatnet i dei belgiske elvene har den lågaste kvaliteten i heile Europa, og det dårlegaste av dei 122 landa som ein undersøkte.

  • Naturfarar:
flaum truar dikelandskapet på kysten, der betongdiker held havet ute.

Miljøproblem:

Menneskeleg påverknad, som urbanisering, tette transportnettverk, industri, utbreidd dyreavl og dyrking av jorda, luft- og vassforrureining har òg følgjer for nabolanda
  • Miljøavtalar:
Medlem av avtalar som omhandlar:
Luftforureining (inkluder Svovel 85), Antarktisk miljøvernsprotokoll, Antarktisktraktaten, Biologisk mangfald, Klimaendringar, Ørkenspreiing, Utryddingstrua dyreartar, Miljømodifisering, Miljøfarleg avfall, Havrett, Dumping av miljøfarleg avfall til sjøs, Bevaring av sjøliv, Forbod mot atomprøvesprenging, Vern av ozonlaget, Skipsforureining, Tropisk tømmer (83 og 94), Våtmarksområde
  • Signert, men ikkje stadfesta:
Luftforureining (nitrogenoksid og vedvarande organsiske forureinande stoff, svovel 94, flyktige organiske stoff), Kyoto-avtalen

Ymse fakta[endre | endre wikiteksten]

Totalareal: 33 990 km²
land: 30 528 km²
vatn: 250 km² (estimert)
sjø: 3 462 km²

Sanddyner i Koksijde ved Nordsjøen

Maritime krav:
kontinentalsokkel: midtlinje mellom nabolanda
einerett til fiskesone: midtlinje mellom nabolanda (strekkjer seg 68 km frå kysten)
sjøterritorium: 12 nautiske mil

Elvelengder i Belgia

  • Schelde : 200 km (totalt 350 km)
  • Maas : 183 km (totalt 925 km)
  • Yser : 50 km (totalt 78 km)

Klima: Maritimt; milde vintrar, kjølige somrar; regnfult, fuktig og skya

Terreng: flat kystlsette i nordvest, sentralt åslandskap, skogkledde åsar og dalar i Ardennane i søraust.

Naturressursar: kol

Arealbruk:
dyrkande jord: 28 % (2000)
permanente avlingar: 1 % (2000)
permanente beite: 17 % (2000)
skogområde: 20 % (2000)
andre: 34 %

Irrigert land: 40 km² (2000)

Klima[endre | endre wikiteksten]

Belgia sitt klima er prega av mjuke overgangar. Vêret i Flandern er mykje likt vêret i Nederland med kjølige vintrar og milde somrar (særleg viss ein flyttar seg til indre strøk), og alle årstider har forholdsvis ofte regn, men sjeldan særleg intenst. Sørover og inn i Vallonia vert klimaet meir kontinentalt med litt kjøligare vêr om vinteren og eit par dagar mindre med nedbør. Snø er ikkje uvanleg frå november til april. Skilnadane mellom nord og sør er likevel små. Det høgare området i Belgia, kalla Ardennane, er i snitt 2-3 °C kaldare enn resten av Belgia. Mesteparten av Ardennane, særleg Hautes Fagnes, er meir skya og får om lag 300 mm meir nedbør i året enn områda i nord og vest.

Brussel får regn om lag annankvar dag i snitt, om sommaren meir regnbyeprega og på vinteren meir i form av yr. Brussel sin nedbørsnormal er 855 mm i året. Belgia har sjeldan ekstreme temperaturforhold verken sommar eller vinter, og temperaturen i Brussel går frå om lag -17 °C om vinteren til 37 °C om sommaren i dei mest ekstreme tilfella.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Geografiske ytterpunkt i Belgia
Kart over Belgia sine regionar og provinsar

Provinsar i Belgia[endre | endre wikiteksten]

29. mai 2000 fekk Belgia 2 000 m2 av Nederland, eit lite stykke land i Zelzate langs Gent-Terneuzen-kanalen.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Belgia har det verste vatnet i verda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Belgisk geografi