Belojesjøen i Vologda oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Belojesjøen i Nizjegorod oblast
Belojesjøen
Stad Vologda oblast i Russland
Koordinatar 60°10′N 37°38′EKoordinatar: 60°10′N 37°38′E
Tilsig Kovzja, Kema, Megra
Utsig Sjeksna

Belojesjøen (russisk Белое) er ein innsjø i Vologda oblast i Russland. Han er nesten sirkelforma og har ein diameter på om lag 46 km. Den største djupna er 33 meter. Dei største elvane som renn ut i innsjøen er Kovzja, Kema og Megra. Vatnet i innsjøen renn ut i Rybinskreservoaret i [Volga] via Sjeksna. Innsjøen er ein del av Volga-Austersjø-kanalen. Ein av dei eldste byane i Russland, Belozersk, ligg ved breidda av innsjøen.