Beltane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bealtaine (irsk gælisk) bealltainn (skotsk gælisk) eller beltane (engelsk) er ei keltisk vårhøgtid tradisjonelt feira rundt første mai i Irland og Skottland. Dagen er teke opp att i moderne wiccatru.

Dette var dagen ein leidde husdyra ut på ope beite, ofte etter å ha blitt ført mellom to vernande bål. Eld høyrer saman med feiringa alle plassar, ofte blei all eld sløkt, og så starta på nytt denne dagen. Tradisjonelle feiringar har vore dans rundt maistong og pynting med grøne greiner og blomar. Bealtaine var saman med hausthøgtida samhain ei av dei støre årsmarkeringane i keltisk tru. Begge desse dagane blei grensene mellom menneskeverda og hulderverda viska ut, og ein kunne oppleva overnaturlege hendingar.

Den eldste skildringa av dagen er gjort av den irske biskopen og kongen Cormac mac Cuilennáin. Han forklarte at høgtida hadde namnet sitt frå ein gud kalla Bel eller Bil og teine, 'eld'. Guden er i seinare tid sett i samanheng med Belenus, best kjend som Belenos. Stavinga bel- kan òg tyde skinande eller strålande. I irsk mytologi fann fleire viktige hendingar stad på bealtaine.

Bealtaineskikkar heldt seg på Irland, Cornwall, øya Man og Skottland fram til moderne tid. I dei P-keltiske språka har dagen ikkje namn som spelar på eld, men som tyder «starten på sumaren» eller «første Mai»: walisisk Cyntefin eller Dydd Calan Mai, bretonsk Kala Hañv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]