Belyj i Tver oblast

Koordinatar: 55°50′00″N 32°56′00″E / 55.83333°N 32.93333°E / 55.83333; 32.93333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belyj
Белый
Horisonten til Belyj
Horisonten til Belyj
Byåpenet til Belyj
Byvåpenet til Belyj


Plassering
Belyj i Tver oblast is located in Russland
Belyj i Tver oblast is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Første nemnt i 1359
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

3 773
Koordinatar 55°50′00″N 32°56′00″E / 55.83333°N 32.93333°E / 55.83333; 32.93333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 482502

Belyj (russisk Бе́лый) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 3800 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Obsja, rundt 220 km sørvest for Tver.

Belyj er det russiske ordet for «kvit», men det er ukjent kvifor byen har fått dette namnet. Han vart første gong nemnt i 1359 som eit fort i fyrstedømmet Smolensk, og som hamna under Litauen ved slutten av hundreåret. På 1400-talet vart han eit sete for Belskij-greina av det herskande Gediminide-dynastiet. Byen vart erobra av Storfyrstedømet Moskva i 1503. Tre år seinare bygde dei ei stor borg, som litauarane omleira i 1508. Byen hamna igjen under Det polsk-litauiske samveldet mellom 1618 og 1654.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]