Bempton Cliffs
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bempton Cliffs sørover mot Flamborough Head.
Bempton Cliffs er eit naturreservat i Bempton i East Riding of Yorkshire i England.
Klippene er mest kjend for hekkande sjøfugl, som havsule, lundefugl, alke, lomvi, krykkje og havhest.
Plassering [endre]
Dei harde kalkklippene ved Bempton er relativt motstandsdyktige for erosjon og består av mange verna nes og revner for hekkande sjøfygl. Klippene strekkjer seg om lag 10 km frå Flamborough Head og nordover til Filey og er over 100 meter høge enkelte stader.
Det er gode stiar på toppen av klippene og fleire stader gode gjerde og trygge utkikkspunkt.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bempton Cliffs» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2010.