Ben Bernanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Bernanke

Fødd13. desember 1953
Augusta i Georgia
NasjonalitetUSA
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, professor, bankier, lærar
InstitusjonarPrinceton University
New York University
Stanford University
Alma materHarvard University
Massachusetts Institute of Technology
Dillon High School
DoktorgradsrettleiarStanley Fischer
MedlemFederal Reserve Board of Governors
American Academy of Arts and Sciences
Econometric Society
VervSentralbanksjef i USA 2006-2014

Ben Shalom Bernanke (fødd 13. desember 1953) i Augusta i Georgia i USA) er ein amerikansk økonom som var sentralbanksjef i USA frå 2006 til 2014. Han har teke universitetsutdanninga si på Harvard University og doktorgradenMassachusetts Institute of Technology. Etter dette han har undervist på mellom anna Stanford University og London School of Economics, og vore professorPrinceton University. Han var frå august 2002 til juni 2005 sentralstyremedlem i Federal Reserve, og vart deretter økonomisk rådgivar for Det kvite huset.

24. oktober 2005 nominerte president George W. Bush Bernanke til å etterfølgje Alan Greenspan som sjef for Federal Reserve, sentralbanken i USA. Bernanke vart innsett i stillinga 1. februar 2006 etter at det amerikanske senatet stadfesta nominasjonen til Bush ved ei avstemming 31. januar 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]