Ben Bulben

Koordinatar: 54°22′N 8°28′W / 54.367°N 8.467°W / 54.367; -8.467
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Bulben
fjell
Nordsida av Ben Bulben ein skya dag
Land  Republikken Irland
Region Sligo
Fjellkjede Dartryfjella
Høgd 526 moh.
Koordinatar 54°22′N 8°28′W / 54.367°N 8.467°W / 54.367; -8.467
Kart
Ben Bulben
54°22′00″N 8°28′00″W / 54.366666666667°N 8.4666666666667°W / 54.366666666667; -8.4666666666667
Wikimedia Commons: Benbulbin

Ben Bulben (òg stava Benbulben eller Benbulbin, irsk Binn Ghulbain) er eit fjell i County Sligo i Republikken Irland. Fjellet er ein Ben (irsk namn for ein stor steinformasjon forma av isbrear).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

«Ben Bulben», «Benbulben» og «Benbulbin» er alle angliserte utgåver av det irske namnet «Binn Ghulbain». «Binn» er eit ord som ofte vert nytta for «topp» eller «fjell», medan «Ghulbain» anten tyder «Gulban sitt» eller «kjeveforma».

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Danning[endre | endre wikiteksten]

Ben Bulben vart forma under den siste istida. Det var opphavleg ein stor rygg, men isbreane skar seg ned i fjellet og danna den karakteristiske formasjon ein kan sjå i dag.[1]

Bergart[endre | endre wikiteksten]

Dei brattare sidene av Ben Bulben består av kalkstein. Dei glattare sidene av fjellet består av skifer. Desse bergartane vart danna for om lag 320 millionar år sidan.

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Klatring av fjellet er populært, men nordsida kan vere farleg med kraftig vind frå Atlanterhavet. Sørsida er derimot lettare og er ikkje like bratt. Frå toppen av fjellet har ein flott utsyn over landskapet Yeats.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ben Bulben har fleire unike planter og har mellom anna planter ein ikkje finn andre stader på Irland. Mange er arktisk-alpine planter, som opphavleg vart frakta her av isbrear som smelta. Av dyr finn ein hare og rev.

I irsk historie[endre | endre wikiteksten]

Keltiske segner[endre | endre wikiteksten]

Ben Bulben er medverkande i mange keltiske segner. Det skal mellom anna ha vore bustaden til Fianna, ein krigarbande som levde på 200-talet. Eit døme er soga der krigaren Diarmuid Ua Duibhne (Diarmund) vert lurt av kjempa Fionn mac Cumhaill (Finn McCool) til å slåst med eit forheksa villsvin, som seinare tar livet av krigaren ved å spidde hjartet hans med støttanna. Fjellet skal ha vore kvilestaden til Diarmuid and Grainne. På 500-talet skal St. Columba ha ført tre tusen soldatar opp Ben Bulben for å kjempe om rettane for helgenen til å kopiere frå ei utgåve av Davids salmar han hadde lånt frå St. Finnian.[2]

Den irske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

I september 1922, under den irske borgarkrigen, vart ein armert bil frå IRA trengt opp i eit hjørne og dei ni soldatane frå IRA flykta opp Ben Bulben. Til slutt vart alle drepne, etter seiande etter at dei hadde overgjeve seg.

Under Ben Bulben[endre | endre wikiteksten]

Det kjende diktet Under Ben Bulben, skriven av William Butler Yeats, er hovudsakleg ei skildring av landskapet Yeats Country (som er kalla opp etter forfattaren). Det skildrar kva han såg i Yeats Country. Følgjande er eit utdrag frå Under Ben Bulben:

«

Under bare Ben Bulben's head
In Drumcliff churchyard Yeats is laid.
An ancestor was rector there
Long years ago, a church stands near,
By the road an ancient cross.
No marble, no conventional phrase;
On limestone quarried near the spot
By his command these words are cut:

Cast a cold eye
On life, on death.
Horseman, pass by!

»

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «RootsWeb: IRL-SLIGO-L Climbing Benbulben». Henta 10. april 2007. 
  2. Michael Bright (2005). 1001 Natural Wonders You Must See Before You Die. Quintet Publishing Limited. ISBN 0-7641-5817-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ben Bulben

Kjelder[endre | endre wikiteksten]