Ben Keith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ben Keith
Ben Keith.jpg
Verkeleg namn Bennett Keith Schaeufele
Fødd 6. mars 1937
Fort Riley i Kansas i USA
Død 26. juli 2010 (73 år) California i USA
Instrument Gitar, pedalsteelgitar, vokal, keyboard, piano
Sjanger Rock, folkrock, hardrock, countryrock, pop
Aktive år 1950-åra–2010
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, studiomusikar
Tilknytte artistar Neil Young
Plateselskap Reprise, Geffen

Bennett Keith Schaeufele (6. mars 193726. juli 2010), betre kjend som Ben Keith var ein amerikansk musikar og plateprodusent. Han er mest kjend for å ha spelt pedalsteelgitar med Neil Young, Keith var fast i countrymiljøet i Nashville i 1950- og 1960-åra, før han arbeidde med mange rock-, country og popartstar som produsent og musikar i over fire tiår.

Keith vart fødd i Fort Riley i Kansas før han flytte til Bowling Green i Kentucky. Han flytte så til Nashville der han arbeidde som studiomusikar..[1]

Keith arbeidde først med Neil Young i 1971 på Harvest. Dette samarbeidet skulle vare i nesten 40 år, og Keith spelte på mange Neil Young-album og turnear.

I tillegg til Young har Keith arbeidd med Terry Reid, Todd Rundgren, Lonnie Mack, The Band, Blue, David Crosby, Graham Nash, Paul Butterfield, J. J. Cale, Linda Ronstadt, Warren Zevon, Ian og Sylvia, Emmylou Harris, Willie Nelson, Waylon Jennings, Anne Murray og Ringo Starr. Han var òg produsent for debutalbumet til Jewel, Pieces of You og har arbeidd som soloartist.[2] Han turnerte med Crosby Stills Nash & Young på turneen deira i 2006.

Keith døydde av blodpropp i lunga då han var heime hos Young i Nord-California den 26. juli 2010.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • To a Wild Rose (En Point, 1984)
  • Seven Gates: A Christmas Album by Ben Keith and Friends (1994)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Latimes.com
  2. Thecoolgroove.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]