Ben Lomond
| Ben Lomond | |
| Vardefjellet | |
| Munro, Marilyn | |
|
Utsyn over Loch Lomond mot Ben Lomond
|
|
| Land | |
|---|---|
| Topp | Loch Lomond |
| - høgd | 974 moh |
| - skardhøgd | 819 m |
Ben Lomond er eit fjell på 974 meter over havet i Dei skotske høglanda. Det ligg på austsida av Loch Lomond og er ein av dei sørlegaste Munros. Ben Lomond ligg i Ben Lomond National Memorial Park og Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, eigd av National Trust for Scotland. Fjellet er det høgaste punktet i Stirlingshire.
Fjellet er nemnd i den populære folkevise «The Bonnie Banks o' Loch Lomond».
Minnepark og nasjonalpark [endre]
Sidan 1995 har området kring Ben Lomond hatt status som krigsminnesmerke, kalla Ben Lomond National Memorial Park. Parken er til minne om dei som mista livet i første og andre verdskrigen og vart laga ut av det tidlegare Rowardennan Estate med støtte frå National Heritage Memorial Fund.[1]
I 2002 oppretta den skotske regjeringa Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, den første nasjonalparken i Skottland.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ben Lomond» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Donald Dewar opens Ben Lomond National Memorial Park». The Scottish Government. 11 November 1997. http://www.Skottland.gov.uk/News/Releases/1997/11/1bcd537f-eaff-469b-baaa-d239f0472582. Henta 2. april 2011.