Ben Roy Mottelson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ben Roy Mottelson | |
København 1963 |
|
| Fødd | 9. juli 1926 (86 år) Chicago i Illinois i USA |
|---|---|
| Nasjonalitet | Dansk og amerikansk |
| Område | Kjernefysikk |
| Institusjonar | Nordita |
| Alma mater | Purdue University Harvard University |
| Doktorgradsrettleiar | Julian Schwinger |
| Kjend for | Geometrien til atomkjernene |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1975) |
Ben Roy Mottelson (fødd 9. juli 1926 ) er ein amerikansk-dansk fysikar. Han vart dansk statsborgar i 1971. Han har samarbeidd med Aage Niels Bohr, og det teoretiske arbeidet deira med skildra av strukturen til atomkjernene vart løna med Nobelprisen i fysikk i 1975 saman med James Rainwater. Hovudverket hans er Nuclear Structure 1-2 (skriven saman med Aage Bohr i 1969 og 1975).
Mottelson vart fødd i Chicago, Illinois, og vart uteksaminert frå Lyons Township High School i La Grange, Illinois. Han fekk ein Bachelorgrad frå Purdue University i 1947 og ein filosofisk doktorgrad i kjernefysikk frå Harvard University i 1950.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ben Roy Mottelson» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.