Bender

Koordinatar: 46°50′N 29°29′W / 46.833°N 29.483°W / 46.833; -29.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bender
Horisonten til Bender
Horisonten til Bender
Styresmakter
Land
Region
Moldova
Transnistria
Grunnlagd 1408
Borgarmeister Vyatsjeslav Kogut
Geografi
Flatevidd 97,29 km²
Flatevidd
 - By

97,29 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

97 027
  997/km²
Koordinatar 46°50′N 29°29′W / 46.833°N 29.483°W / 46.833; -29.483
Høgd over havet 15 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: bendery.md
Plassering
Bender is located in Moldova
Plasseringa til Bender i Moldova

Bender (rumensk Tighina, russisk Бендéры, Bendery, ukrainsk Бендéри, Benderi) er ein by i Moldova, styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria, sjølv om han ligg på høgre sida av Dnestr (resten av Transistria ligg på venstresida av elva). I lag med landsbyen Proteagailovca dannar byen ein kommune som Moldova ikkje reknar som ein del av Transnistria. Bender ligg i ei buffersone oppretta etter Transnistriakrigen i 1992.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetnadane i området, der elvane Dnestr og Bîc renn saman, oppstod på 100-talet. Gjennom tidene har området vore styrt av Kiev-riket, fyrstedømet Moldavia, Genova, Det osmanske riket, Russland og Romania.

Stefan cel Mare grunnla ei festning på staden på byrjinga av 1500-talet. I 1538 tok Suleiman I festninga, og gav ho det tyrkiske namnet Bender.

Karl XII av Sverige søkte tilflukt rett utanfor byen etter nederlaget ved Poltava, saman med kosakkane sin leiar Ivan Stepanovitsj Mazepa. Sidan ein under einveldstida i Sverige definerte hovudstaden som det staden der kongen hadde hoffet og arkivet sitt, låg Sverige sin hovudstad i fleire år på sletta utanfor Bender. Tyrkarane nekta han å reise vidare, for å utnytte han i det politiske spelet i Sentral-Europa. I 1713 vart det utkjempa eit mindre slag mellom Karl sine menn og tyrkarane, kjend som kalabaliken ved Bender.

Under den russisk-tyrkiske krigen 1806-1812 fall byen til russarane og vart verande på russiske hender fram til Sovjetunionen kollapsa. Mesteparten av kampane i Transnistriakrigen stod i og ved Tighina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]