Benedetto Marcello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benedetto Marcello
Benedetto Marcello.png
Fødd 1686, Venezia
Død 25. juli 1739 (52 år), Brescia
Periode Barokken
Sjanger Concerto, kammermusikk, vokalmusikk
Yrke Komponist

Benedetto Marcello (fødd mellom 24. juli og 1. august 1686 i Venezia; død 24. eller 25. juli 1739 i Brescia) var ein italiensk komponist av barokkmusikk.

Benedetto Marcello stamma frå ein advokatfamilie, studerte jus og hadde høge offentlege stillingar i den venetianske republikken.

Alt som ung publiserte han songar og sonettar. Han studerte komposisjon hos Francesco Gasparini (1668–1727) og Antonio Lotti (rundt 1667–1740). Marcello dyrka komposisjon som ein hobby ved sidan av sine offentlege verv og han vart derfor kalla nobile Veneto dilettante di contrappunto, dvs ein amatørkomponist.

Òg broren Alessandro Marcello var ein ganske framgangsrik amatørkomponist.

Nokre verk av Benedetto Marcello:

  • Concerti a 5 stromenti (1701)
  • Cellosonatar op. 1 (1712)
  • 12 fløytesonatar op. 2 (1712)
  • 10 cembalosonatar op. 3 (1712)
  • Canzoni madrigalesce ed arie per camera a 2, a 3, a 4 voci (1717)
  • Gioa (Oratorium, o.A.)
  • Salve (o.A.)
  • Tantum ergo (6-stemmig)
  • Eit allegorisk oratorium: Il trionfo della poesia e della musica nel celebrarsi la morte, la esaltazione e la coronazione di Maria (o.A.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]