Bengalgribb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengalgribb
Bengalgribb
Bengalgribb
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Bengalgribb
Utbreiinga av Bengalgribb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Gyps
Art: Bengalgribb G. bengalensis
Vitskapleg namn
Gyps bengalensis

Bengalgribb (Gyps bengalensis) er ein gribb som tidlegare var utbreidd frå Iran og Afghanistan i vest, gjennom heile Sør-Asia til Sørvest-Kina og Søraust-Asia. Frå å vera svært talrik og til og med omtalt som «kanskje den mest talrike rovfuglen i verda» i 1985, har gribben gått gjennom ein sterk tilbakegang, og er i dag rekna som kritisk truga. Intensivering av landbruket og særleg veterinærmedisinen diklofenak er rekna som grunnen til at talet på bengalgribbar har gått ned frå eit mogleg tal på fleire millionar til rundt 3 500-15 000.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Undersida til ein vaksen bengalgribb i flukt.

Bengalgribb har som andre gribbar fjørlaus hals og hovud. Hovudet har eit rosa skjær medan nebbet er sølvfarga. Nedst på halsen, på ryggen, bak og under vingene har han kvite fjører, elles er fjørdrakten mørk med svarte og sølvgrå fjører. Juvenilar er mørkare enn vaksne fuglar, og får først vaksen fjørdrakt når dei er fire-fem år gamle.[2]

Fuglen er den minste av gribbane i slekta Gyps, men er ein mellomstor gribb. Han veg 3,5-7,7 kg, måler 75–93 cm i lengd[2] og har eit vingespenn på 1,92–2,6 m.[3]

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Bengalgriben lever hovudsakleg på sletteland og til ein viss grad i meir fjellendte område. Han lever ofte nær menneske. Gribbane flokkar seg gjerne saman for å eta og kvila. Dei formeirer seg i koloniar i høge tre.[1]

Bengalgribb har forsvunne frå alle søraustasiatiske land bortsett frå Kambodsja og Burma. Populasjonen i Kambodsja verker vera stabil, eller til og med noko aukande.[1] I Sør-Asia har populasjonen gått ned med over 99 % frå midten av 1990-åra til 2010-åra, og han er utdøydd i Bangladesh. Fuglen er forsvunnen frå Kina, og har ukjend status i Iran og Afghanistan.[1]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International 2013. «Gyps bengalensis», IUCN 2013. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2013.2. <www.iucnredlist.org>. Henta 10. desember 2013.
  2. 2,0 2,1 Rasmussen, Pamela C.; Anderton, J. C. (2005). Birds of South Asia: The Ripley Guide. Volume 2. Smithsonian Institution and Lynx Edicions. s. 89–90. ISBN 8487334660.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Raptors of the World by Ferguson-Lees, Christie, Franklin, Mead & Burton. Houghton Mifflin (2001), ISBN 0-618-12762-3. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgurnnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bengalgribb