Bengaltiger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bengaltiger

Tiger in Ranthambhore.jpg

Vitskapleg namn
Panthera tigris tigris
Utbreiing
Global raudliste: EN Sterkt truga

Utbreiingskart

Systematikk
Rekke:
Klasse:
Orden: Rovpattedyr
Familie:
Slekt:
Panthera tigris

Bengaltiger eller kongetiger (Panthera tigris tigris) er ein underart av tiger. Han er den mest talrike av nolevande underartar, og utgjer rundt halvparten av alle nolevande tigrar.[1] Bengaltigeren lever hovudsakleg i India, med mindre populasjoner i Bangladesh, Bhutan og Nepal.[2] Bengaltiger er nasjonaldyr både i India og Bangladesh.[3]

Bengaltiger er rekna som ein sterkt truga underart som omfatta under 2 500 dyr i 2011. Talet på tigrar hadde då gått ned gjennom dei siste tre generasjonane, og leveområda deira hadde minka med omlag 50 %.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bengaltiger har pels med mørkebrune eller svarte striper på ein bakgrunn som kan vera lys oransje, gul eller i nokre høve kvit. Bakgrunnsfargen på buken og innsida av lemmene er kvit. Gjennomsnittslengda til hannar er 270 til 310 cm, medan den til hoer er 240 til 265 cm.[4] Halen er typisk 85-110 cm, medan skulderhøgda er rundt 90-110 cm.[5] Hannar veg i gjennomsnitt ca. 221 kg og hoer 140 kg.[6] Dei minste tigrane er funne i mangrovane Sundarbans, med hoer på 75-80 kg.[7]

Tiger i Mudumalai nasjonalpark i Sør-India.
Foto: N.A. Nazeer

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Bengaltigeren lever i ulike typar skog, mangrove, fjellområde og grassletter langs elvar. Særleg den sistnemnde habitattypen er i stor grad blitt omdanna til dyrka mark eller blitt degradert.[8]

Ein rekner med at bengaltigeren vandra inn i Sør-Asia for rundt 12 000 år sidan.[2] Opphavlege strekte leveområdet deira seg over det meste av Sør-Asia, til dagens Burma/Myanmar i nordaust. Det er også observert tigrar i opptil 4 100 meters høgd i Bhutan.[9] I dag er området kraftig redusert, for det meste til verneområde av ulik storleik.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneske har jakta på tigrar i lang tid, både for å verna folk og dyr og for å bruka delar av tigeren. I løpet av 1900-talet gjekk talet på tigrar i verda kraftig tilbake, og ein byrja forby jakt på dyra og handel med tigerdelar. I 1973 utnemnde India bengaltigeren til nasjonaldyr, og skipa verneplanen «Project Tiger».[1] India har i dag 27 tigerreservat spreidde utover landet, som Ranthambore nasjonalpark i vest, Namdapha og Manas nasjonalpark i nordaust, Parambikulam verneområde i sør og Kanha nasjonalpark sentralt i landet.[10] Her lever mindre populasjonar, men det finst fleire døme på at tigrar har forsvunne heilt frå verneområde, hovudsakleg grunna krypjakt.[11] Bengaltigrar lever også i Sundarbans, eit verna område delt mellom India og Bangladesh. Dette er eit pressa område prega av dødeleg konflikt mellom tigrar og menneske.[12] I Nepal blei Banke nasjonalpark skipa i 2010.

Bengaltiger i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Tiger til høgre for sitjande figur på eit indusdalsegl.

Ein tiger er avbilda på eit segl frå Indusdalkulturen (3300–1300 f.Kr.). Tigeren blei også brukt som symbol på myntar slått i det sørindiske Tsjolariket.

I Jungelboka til Rudyard Kipling er bengaltigeren «Shere Khan» ein viktig fiende for menneskeguten Mowgli. I Historien om Pi av Yann Martel er ein bengaltiger kalla Richard Parker ein viktig figur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bengaltiger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 tiger (Panthera tigris) (2011), Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
  2. 2,0 2,1 2,2 Chundawat, R.S., Khan, J.A. & Mallon, D.P. 2011. Panthera tigris ssp. tigris, IUCN 2013. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2013.2. <www.iucnredlist.org>. Downloaded on 08 December 2013.
  3. Gupta, O. (2006), Encyclopaedia of India, Pakistan and Bangladesh, Delhi: Gyan Publishing, s. 313, ISBN 8182053897, http://books.google.com/books?id=ZsswQ9oTa0wC&pg=PA313 
  4. Mazák, V (1981), «Panthera tigris», Mammalian Species 152 (152): 1–8, doi:10.2307/3504004, http://www.science.smith.edu/departments/Biology/VHAYSSEN/msi/pdf/i0076-3519-152-01-0001.pdf  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. Karanth, K. U. (2003), «Tiger ecology and conservation in the Indian subcontinent», Journal of the Bombay Natural History Society 100 (2–3): 169–189, http://web.archive.org/web/20120310174120/http://www.nfwf.org/AM/Template.cfm?Section=Home&TEMPLATE=/CM/ContentDisplay.cfm&CONTENTID=8073  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  6. Slaght, J. C., D. G. Miquelle, I. G. Nikolaev, J. M. Goodrich, E. N. Smirnov, K. Traylor-Holzer, S. Christie, T. Arjanova, J. L. D. Smith, Karanth, K. U. (2005). Chapter 6. Who‘s king of the beasts? Historical and recent body weights of wild and captive Amur tigers, with comparisons to other subspecies, pp. 25–35 in: Miquelle, D.G., Smirnov, E.N., Goodrich, J.M. (Eds.) Tigers in Sikhote-Alin Zapovednik: Ecology and Conservation. PSP, Vladivostok, Russia. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  7. Barlow, A.; Mazák, J., Ahmad, I. U., Smith, J. L.D. (2010), «A preliminary investigation of Sundarbans tiger morphology», Mammalia 74 (3): 329–331, doi:10.1515/mamm.2010.040  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  8. Wikramanayake, E.D., Dinerstein, E., Robinson, J.G., Karanth, K.U., Rabinowitz, A., Olson, D., Mathew, T., Hedao, P., Connor, M., Hemley, G., Bolze, D. (1999) Where can tigers live in the future? A framework for identifying high-priority areas for the conservation of tigers in the wild, pp. 255–272 in: Seidensticker, J., Christie, S., Jackson, P. (eds.) Riding the Tiger. Tiger Conservation in human-dominated landscapes. Cambridge University Press, Cambridge. hardback ISBN 0-521-64057-1, paperback ISBN 0-521-64835-1.
  9. Walker, M. (20 September 2010) Lost tiger population discovered in Bhutan mountains. BBC Earth News.
  10. Frequently Asked Questions, projecttiger.nic.in
  11. Ali, F. M. (2009). Indian tiger park has no tigers. BBC News 14 July 2009.
  12. Waliur Rahman, «Villagers beat tiger to death», BBC News (29 May, 2003)