Benghazi
| Benghazi | ||
|---|---|---|
| Benghazi | ||
| Styresmakter | ||
| Land | Libya | |
| Geografi | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Plassering | ||
|
|
||
Benghazi er ein by i Libya i Kyrenaika ved Sirtebukta. Byen er den nest største i landet, og er eit administrativt og kulturelt senter. Hamna i byen er den viktigaste mellom Alexandria og Tripoli. Byen har fleire statlege instutisjonar og universitet - det eldste frå 1955. 32 kilometer aust for byen ligg den internasjonale lufthamna Benina. I oppreisten i Libya i 2011 vart byen gjort til eit hovudsete for Det nasjonale overgangsrådet, den administrative eininga til opprørarane.
I antikken var Benghazi ein gresk koloni kalla Hesperides, seinare Berenike. Frå 1500-talet høyrde byen til tyrkarane, og i perioden 1911-1942 var byen italiensk. Han vart sterkt øydelagt i den andre verdskrigen, og vart hærteken av britane og nytta som ein viktig forsyningsbase i det nordafrikanske felttoget.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Benghazi» av Redaksjonen