Bengtsfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°01′45″N 12°13′35″E

Utsikt over Bengtsfors

Bengtsfors er ein svensk tettstad og centralort i Bengtsfors kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland, mellom innsjøane Lelången og Bengtsbrohöljen. I 2005 hadde byen 3 194 innbyggjarar.

Blant turistattraksjonane på staden er Halmens Hus og Gammelgården, som er det største friluftsmuseet i Vest-Sverige.

Industri[endre | endre wikiteksten]

I mange år var sulfittfabrikken ein viktig industri. I Bengtsfors låg tidlegare Volvos bilseteproduksjon, som seinare blei seld og vart ein av Lear Corporations fabrikkar. Staden var derimot aldri optimalt sett frå eit lokaliseringssynspunkt, sidan transportvegen var lang og hadde låg kapasitet. Det var dåverande finansminister, Gunnar Sträng, som i 1965 ved hjelp av statleg finansiell hjelp fekk Volvo til å leggje seteproduksjonen til Bengtsfors. Våren 1999 vart fabrikken lagt ned, sidan ein ville flytte fabrikken nærare personbilproduksjonen i Göteborg.[1] sidan det var den største arbeidsgivaren på staden med over 800 tilsette, vart bygda hardt råka.[2] Det økonomiske tilbakeslaget vart noko milda av at Lear Corporation i fleire år etter nedlegginga fortsette å betale leige for lokala.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Bengtsfors jernbanestasjon og eit tog frå DVVJ.

I mange år hadde Bengtsfors to jernbanestasjonar. Den vestre stasjonen var endestasjon for Lelångenbanen, som vart opna i 1895. Han knytte Bengtsfors med Uddevalla. Dei austlege stasjonen ligg ved DVVJ (Dal-Västra Värmlands Järnväg), som knytte Bengtsfors med Mellerud og Årjäng. Lelångenbanan er nedlagt. På DVVJ går det turisttrafikk sørover om sommaren, men den regulære persontrafikken på DVVJ har teke slutt.

Nordover brukast banen til dresinsykling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ny Teknik.se
  2. Eskilstunakuriren.se

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bengtsfors