Bengtskär

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengtskär
Bengtskär fyr er ein populær turistattraksjon.
Bengtskär fyr er ein populær turistattraksjon.
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 59°42′N 22°30′E

Administrasjon
Land Finland
Kommune Kimitoön

Bengtskär er eit skjer 25 km sørvest for Hangö i Finland, og er ein del av kommunen Dragsfjärd. Skjeret er den sørlegaste busette staden i Finland, og ein kan kome her med båt frå landsbyen Kasnäs.

Fyret på skjeret er det høgaste i Norden med 46 meter.[1] Det vart bygd i 1906, og etter at det forfall i 1980-åra, vart det opna på ny i 1995, som det første fyrmuseet i Finland. [1] Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine.

Fyret vart bombardert under både den første og den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. The Lighthouse Directory, arkivert frå originalen 2. oktober 2015, henta 27. november 2011