Benin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
République du Bénin

(norsk: Benin, beninsk)

Det beninske flagget Det beninske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «L'Aube Nouvelle»
Motto Fraternité, Justice, Travail (Brorskap, rettferd, arbeid)
Geografisk plassering av Benin
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Porto-Novo, Cotonou¹
Styresett
Republikk
Yayi Boni
Flatevidd
 – Totalt
 
112 622 km² (101.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
9 598 787 (89.)
6 769 914²
85,2 /km² (102.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. august 1960
Nasjonaldag 1. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
14 200 mill. USD (136.)
1 600 USD (167.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +229
Toppnivådomene .bj

¹Regjeringssete
²Folketalskjelde

Benin er ein republikk i Vest-Afrika som fram til 1975 vart kalla Dahomey. Landet har Nigeria og Togo som naboar i aust og vest, med kortare grenser til Burkina Faso og Niger i nord. Ei smal kystline mot Beninbukta finst i sør.

Kart over Benin

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det historiske kongeriket Dahomey hadde senter i dagens Benin. Dette dekte store delar av Vest-Afrika på 1600-talet, og dreiv mellom anna slavehandel med europearar. Kystområdet i landet var kjent som Slavekysten.

Frå 1700-talet tok riket til å veiknast, og Frankrike tok det over som koloni i 1892. Det fekk sjølvstyre i 1958 som Dahomeyrepublikken, og fullt sjølvstende i august 1960.

Etnisk strid og fleire statskupp prega dei neste tolv åra. Etter at tre stridande partar hadde gått saman om å danna eit styringsråd i 1970, blei dei rivne frå makta i 1972 av Mathieu Kérékou. Han etablerte eit marxistisk styre, og gav landet det nye namnet Benin i 1975. I 1979 blei det første valet halde. Kérékou blei stemd ut i 1991 til fordel for den tidlegare statsministeren Nicephore Soglo. Dette var den fyrste vellukka overgangen frå diktatur til demokrati i Afrika.

I 1996 blei Kérékou vald til president igjen, med gjenval i 2001.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Landet er republikk med fleirpartisystem. Det gjekk vekk frå den offisielle lina med marxist-leninisme i 1989. Røysteretten er allmenn frå fylte 18 år, og val til nasjonalforsamlinga blir haldne kvart fjerde år. Presidenten leiar staten og regjeringa. I følgje grunnlova frå 1990 kan ein president sitja ved makta i maks to periodar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Terrenget er for det meste flate sletter, med nokre åsar og låge fjell. Høgste punkt er Mont Sokbaro med 658 moh.

Departement[endre | endre wikiteksten]

Departementa i Benin

Benin er inndelt i 12 departement:

  1. Alibori
  2. Atakora
  3. Atlantique
  4. Borgou
  5. Collines
  6. Donga
  7. Kouffo
  8. Littoral
  9. Mono
  10. Oueme
  11. Plateau
  12. Zou

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystområda av Benin har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har tørketid frå oktober til april, og temperaturane kan i denne tida bli ganske så høge, men med relativt låg fukt. Den støvete harmattanvinden bles derimot frå nordaust. Frå desember til februar kan harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå eit smalt område ved kysten. Kyststrøka har stort sett sørvestleg vind.

På kysten er det minst sannsyn for regn frå desember til februar. Kysten er litt tørrare enn områda like innanfor på grunn av dei same årsakene som gjer at kysten av Ghana er tørr. I hovudsak kjem dette av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden er kystparallell. Cotonou, som ligg på kysten, har ein årleg nedbørsnormal på 1327 mm.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien er underutvikla, og baserer seg på jordbruk, bomullsproduksjon og regional handel. Vekst i økonomien i seinare år har vorte oppvege av auka i folketalet.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det finst rundt førti ulike folkegrupper i landet. Den største er fonfolk, som utgjer rundt 49 % av innbyggjarane. Andre større grupper er adja-, joruba-, somba og baribatalarar. Statsspråket fransk blir hovudsakleg tala i byane.

AIDS held døydelegheita kunstig høg.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at voodoo stammar frå Benin og vart overført til Brasil, dei karibiske øyar og delar av Nord-Amerika med slavehandelen. Circa 70 % av folkesetnaden i landet praktiserer denne religionen, som sidan 1992 har vore anerkjent som ein av dei offisielle religionane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]