Benjamin Lee Whorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benjamin Whorf
Fødd 24. april 1897
Død 26. juli 1941 (44 år)
Nasjonalitet amerikansk
Område lingvistikk
Kjend for Sapir–Whorf-hypotesen

Benjamin Lee Whorf (24. april 189726. juli 1941) var ein amerikansk antropolog og lingvist. Han studerte mellom anna nahuatl (aztek) og maya, og medverka til den seinare dechiffreringa av gamle innskrifter ved å påpeike at teikna utgjorde språkteikn. Gjennom studiar av hopi såg Whorf korleis grammatiske kategoriar tilrettelegg tenking om universet, og i samarbeid med Edward Sapir utforma han ein hypotese om styringa til språkstrukturen av tenkinga kalla lingvistisk relativisme, eller Sapir-Whorf-hypotesen, som er mykje omdiskutert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]