Benk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«La banquette Tôkyô» i Palais de Tokyo i Paris.
Dreiebenkar frå midten av 1800-talet. Alle vart drivne av ein dampmaskin som ikkje er med på biletet

Benk er eit langt møbel eller anna innretning med plass for fleire til å sitta på, og som i nokre høve også kan brukast til liggeplass. Benkar kan ha ryggstø og armlene eller ikkje. Dei er hovudsakleg av hardt materiale, men kan vera delvis polstra der ein sit og eventuelt støtter seg.

Omgrepet «benk» vert også nytta om ulike høge arbeidsbord eller maskinar som i utgangspunktet har likna på benkar, som kjøkenbenk, høvelbenk eller dreiebenk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tysk trebenk frå Berlin frå 1200-talet.

I mellomalderen var ein smal, veggfast benk det vanlegaste sittemøbelet i Noreg. Langbenk eller langpall stod langs langveggane i stovene med høgsetet i midten. Ein lang, flyttbar benk som kunne plasserast framfor bordet, forsete eller langkrakk, er også nemnd i norrøne sagaer, og er kjend fram til nyare tider. På loft kunne ein ha faste sitjeplassar festa framfor sengene. Moldbenken eller pallen i opphaldsrom kunne også hindra trekk frå sprekka mellom golv og vegg ved at ein fylte han med mold. Brugdebenken som er kjend frå Setesdal var ein benk med ryggstø som hadde sin faste plass ved årestaden.

Vendebenker i ei av dei gamle vognene på Kolsåsbanen. Vogna hadde førarhus i kvar ende, og vart ikkje snudd ved endehaldeplassen. Ved at ryggstøet vart vippa over, kunne ferdafolket alltid sitje med ansiktet i køyreretninga

Vendebenk er ein type benk med ryggstø som kan vippast opp på kvar side, slik at ryggstøet, og dermed dei sitjande, kan venda begge vegar. Briks er ein sovebenk av tre. Slagbenk er eit kombinasjonsmøbel der ein sitjebenk kan slåast opp og brukast til seng. Denne er kjend frå 1500-talet i Skandinavia.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Benkar ved hamna i Bizkaia.

Benkerader har vore vanlege i kyrkjer og ein del underhaldning-, serverings-, undervisningsrom og auditorium over heile verda. Mange stader har ein bytta ut desse med stolrader eller flyttbare stolar. Ein kan likevel nytta uttrykk som å «sitte på første benk» eller på «bakarste benk» i samband med slike stader. Ein benk som framleis har ei viktig tyding er reservebenken, der reservespelarar for eit lag kan sitja under ein kamp. Ein kan også ofte finna benkar i galleri og museum.

Mange benkar er plasserte utomhus, som i parkar, på plassar og langs gater. Dette gjer at brukarar av benkar til dømes kan nyta omgjevnadane, snakka, eta eller kvila.

Ein benk som vitne til «så mange ting» er sentral i songen «En grønnmalt benk» av Otto Nielsen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]