Benni McCarthy
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Benedict Saul McCarthy | |
| Fødselsdato | 12. november 1977 | |
| Fødestad | Cape Town i Sør-Afrika | |
| Høgd | 183 cm | |
| Posisjon | Spiss | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | West Ham United | |
| Draktnummer | 17 | |
| Ungdomsklubb | ||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1995-98 1997-99 1999-2003 2002-03 2003-06 2006-10 2010- |
56 (38) 36 (20) 66 (10) 11 (12) 74 (34) 109 (37) 4 (0) |
|
| Landslag** | ||
| 1997- | 78 (32) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Benedict Saul McCarthy (fødd 12. november 1977 i Cape Town) er ein sørafrikansk fotballspelar som spelar for West Ham United i engelsk Premier League, og for landslaget til Sør-Afrika.
McCarthy har vore med på å vinna den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, med Ajax i 1998, den portugisiske toppdivisjonen med Porto i 2004 og 2006 og den europeiske Meisterligaen med Porto i 2004. Han var toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen i 2003/04-sesongen. Han var Blackburn Rovers sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 18 seriemål, og i 2008/09-sesongen med 10 seriemål. Han spelte for landslaget til Sør-Afrika i fotball-VM i 1998 og 2002. Etter den siste meisterskapen sa han nei til vidare landslagsspel, men vende attende til landslaget i 2004, og har no rekorden for flest landslagsmål for Sør-Afrika.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Vonk • 2 Mnguni • 3 Nyathi • 4 Jackson • 5 Fish • 6 Masinga • 7 Fortune • 8 Phiri • 9 Bartlett • 10 Moshoeu • 11 Mkhalele • 12 Augustine • 13 Buckley • 14 Sikhosana • 15 Khumalo • 16 Baloyi • 17 McCarthy • 18 Morula • 19 Radebe • 20 Mokoena • 21 Issa • 23 Gopane • Trenar: Troussier |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Vonk • 2 Nzama • 3 Carnell • 4 A. Mokoena • 5 Lekgetho • 6 Sibaya • 7 Fortune • 8 Mngomeni • 9 Mukansi • 10 Mnguni • 11 Pule • 12 T. Mokoena • 13 Issa • 14 Nomvethe • 15 Zuma • 16 Arendse • 17 McCarthy • 18 Buckley • 19 Radebe • 20 Marlin • 21 Pienaar • 22 Molefe • 23 Koumantarakis • Trenar: Sono |
||