Bennie and the Jets
| Bennie and the Jets Singel av Elton John frå albumet Goodbye Yellow Brick Road |
||
| B-side | «Harmony» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 4. februar 1974 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 5:23 | |
| Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records |
|
| Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Candle in the Wind» (1974) |
Bennie and the Jets | «Don't Let the Sun Go Down on Me» (1974) |
«Bennie and the Jets» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin.[1] Songen vart først gjeven ut på Goodbye Yellow Brick Road i 1973 og vart året etter gjeven ut som singel.
Songen fortel om «Bennie and the Jets», eit fiktivt band som Elton John visstnok var tilhengjar av. I intervju har Taupin fortalt at teksten er eit satirisk syn på musikkindustrien i 1970-åra.
Elton John var i mot at songen skulle ut på singel, sidan han trudde han ville gjere det dårleg, men han vart mykje spelt på radio i USA og gjekk til slutt heilt til topps der i 1974. Singelen selde til gullplate same året og til platina i 1995. Songen gjekk òg til topps i Canada.
Axl Rose, frå Guns N' Roses, har sagt at det var «Bennie and the Jets» som inspirerte han til å verte songar. Han song sidan songen i lag med Elton John på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992.
[endre] Andre versjonar
Andre artistar som har spelt songen er Beastie Boys, Katherine Heigl og James Marsden i filmen 27 Dresses, Mary J. Blige sampla melodien i «Deep Inside», Ashanti og Cher.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bennie and the Jets» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: