Benoît David

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benoît David
Benoît David.PNG
David med Yes i Brasil i 2010
Fødd 19. april 1966 (47 år), Montreal i Quebec i Canada[1]
Instrument Vokal, gitar, perkusjon
Sjanger Progressiv rock, poprock
Aktive år 1987 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Mystery, Yes
Plateselskap Unicorn Digital

Benoît David (fødd 19. april 1966) er ein canadisk progressiv rock-vokalist, mest kjent som tidlegare vokalist for Yes. Han starta samarbeidet sitt med bandet som gjestevokalist under «In The Present»-turneen i 2008–2009. David vart 15. oktober 2009 presentert som offisielt medlem av Yes. Han slutta i bandet i februar 2012, etter at han fekk problem med stemma Europa-turnen til bandet hausten og vinteren 2011.[2]

Han er òg medlem av bandet Mystery, og var frå 1994 til 2009 med i Yes-coverbandet Close to the Edge.[3]

Benoît David var våren og sommaren 2010 med på USA-turneen til Yes, og bandet starta hausten 2010 innspelingar av albumet Fly from Here med David som vokalist. Albumet vart gjeven ut sommaren 2011.[4] Han er òg vokalist på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart spelt inn i desember 2009 og gjeven ut november 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Yes[endre | endre wikiteksten]

Mystery[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 Beneath the Veil of Winter's Face
  • 2010 One Among the Living

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tiano, Mike (2008-11-26). «Conversation med Benoit David». Notes from the Edge (Issue 309). http://nfte.org/interviews/BD309.html. Henta 17. juli 2012. 
  2. Noise11.com – «Yes Recruit Another New Singer», 8. februar 2012.
  3. ctte.net
  4. YesWorld.com – «YES Signs New Worldwide Recording Deal with Frontiers Records»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]