Bent Høie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bent Høie

Bent Høie
Foto: Jarle Vines
Fødd4. mai 1971 (52 år)
Randaberg
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, funksjonær
Utdanna vedNorsk hotellhøgskole
EktefelleDag Terje Klarp Solvang
SambuarDag Terje Klarp Solvang
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervNorsk helse- og omsorgsminister 16. oktober 2013–
FøregangarJonas Gahr Støre
Verv2. nestleiar i Høgre 9. mai 2010–
FøregangarErling Lae
VervStortingsrepresentant 8. april 2000–
Alle verv

Bent Høie (fødd 4. mai 1971 i Randaberg) er ein norsk politikar frå Høgre og helseminister i regjeringa Solberg. Han har sete på Stortinget for Rogaland sidan 2000, og har vore vald inn fast sidan 2001. Han er leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité frå 2009. Høie har vore medlem av arbeidsutvalet til Høgre sidan 2008, og er 2. nestleiar sidan 2010.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Høie er son av supervisor Kurt Høie (1942–) og Solveig Vistnes (1943–), og voks opp i Randaberg nord for Stavanger. Bent Høie gjekk fyrst på grunnskule i Randaberg 1978–1987, og vidare ved handel- og kontorlinja ved Randaberg VGS 1987–1990. Deretter gjekk han eit toårig studium i hotelladministrasjon ved Norsk Hotellhøgskole 1991–1993, og han har dessutan grunnfag i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1991. Høie hadde diverse jobbar ved Sola Strand Hotell 1990–1994. Han var styreleiar i stiftinga Dysleksiforskning 2000–2006.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Høie kom tidleg inn i politikken, fyrst som leiar i Rogaland Unge Høgre 1990–1992. Medlem av Rogaland fylkesting 1991–1999, Randaberg kommunestyre 1991–1995, Stavanger bystyre 1999–2003, og Rogaland fylkesutval 1999–2000. Sentralstyremedlem i Unge Høyre 1993–1995, og politisk rådgjevar for Stavanger Høgres bystyregruppe 1995–1999. Ved stortingsvalet 1993 og kommunestyre- og fylkestingsvalet 1995 var han valkampsekretær for Rogaland Høgre, og var 3. vararepresentant til Stortinget 1993–1997. Nestleiar i Rogaland Høgre 1997–1999, og 1. vararepresentant til Stortinget frå 1997. Leiar i Stavanger Høgre 2000–2002.

8. april 2000 døydde stortingsrepresentant Jan Johnsen, og Høie rykte då opp som fast møtande representant. I 2001 vart han vald inn som representant nr. 1 frå Rogaland, og tok plass i Stortingets sosialkomité. Han var seinare medlem i Stortingets kommunal- og forvaltingskomité 2005–2009, og har vore leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité sidan 2009.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]