Benxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gatebilete i Benxi
Plasseringa av Benxi (gul) i Liaoning

Benxi (kinesisk: 本溪; pinyin: Běnxī), er eit kinesisk byprefektur aust i provinsen Liaoning i Kina. Byprefekturet, som i aust grensar mot provinsen Shenyang, har eit areal på 8 411 km² og hadde litt over 1, 7 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Benxi omfattar fire distrikt (区 ) og to autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæring i byprefekturet er tungindustrien basert på store jarn- og kolgruver. Byen Benxi vart grunnlagt som eit metallurgisk senter i 1915, og framstiller i dag årleg millionar av tonn med stål og jarn. Også uran vert utvunne i området. Grunna dei store smelteverka er byen mykje plaga av luftureining.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Benxi ligg på jarnbanelinja mellom Shenyang og Nord-Korea.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verdas største ulukke i ei kolgruve fann stad i Benxi 26. august 1942. 1 519 arbeidarar omkom då i ein kolstøveksplosjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]