Beograd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Београд
Andre namn Tidlegare Belgrad
ungarsk Belgrád, latin Singidunum
Luftfoto av Beograd
Luftfoto av Beograd
Byvåpenet til Beograd
Byvåpenet til Beograd
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
Serbia
Sentral-Serbia
Beograd by
Grunnlagd
Byrettar
260 f.Kr.
150 e.Kr.
Borgarmeister Dragan Đilas
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant

3222,68 km²
359,96 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2009)
 - Byområde

1 670 000
1 281 801
Koordinatar 44°49′14″N 20°27′44″EKoordinatar: 44°49′14″N 20°27′44″E
Høgd over havet 117 m
Diverse anna
Postnummer 11000
Telefon-retningsnummer (+381) 11
Bilnummer BG
Nettstad: www.beograd.rs

Beograd er hovudstad og største by i Serbia. Byen ligg der Sava munnar ut i Donau, og der Den pannoniske sletta og Balkanfjella. Beograd har om lag 1,67 millionar innbyggjarar (2007).[2] Han er òg den fjerde største byen i Søraust-Europa etter Istanbul, Aten og Bucuresti.

Beograd har status som ei eiga eining i Serbia med eit sjølvstyrt bystyre.[3] Byområdet er delt inn i 17 kommunar, som kvart har sitt eige kommunestyret.[4] Byområdet dekkjer 3,6 % av Serbia og 24 % av alle innbyggjarane i landet lever her.[5] Beograd er det økonomiske senteret i Serbia og hovudstaden for serbisk kultur, utdanning og vitskap.

Namnet til byen er sett saman av to delar: Beo- kjem av belo og betyr kvit, hrád er slavisk for borg.

I Beograd sit ein serbisk-ortodoks patriark og ein romersk-katolsk erkebiskop.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beograd er ein av dei eldste byane i Europa med arkeologiske spor som går tilbake til 500-talet f.Kr.,[6] Byen vart oppdaga av grekarar,[7] og grunnlagd av keltarar.[8] Han fekk byrettar av romarane[9] før han vart permanent busett av serbarar frå 600-talet og framover. Med den strategiske plasseringa har byen vorte kjempa om over 140 gonger sidan antikken.[10] I mellomalderen høyrte han til Austromarriket, Frankarriket, Kongedømet Ungarn og serbiske herskarar. I 1521 vart Beograd erobra av Det osmanske riket og vart sete for Pashaluken Beograd, som den viktigaste osmanske byen i Europa[11] og av dei største europeiske byane.[12] Serbarane fekk igjen kontroll over byen i 1841 etter den serbiske revolusjonen.Det nordlege Beograd vart likevel verande ein austerriksk utpost fram til Austerrike-Ungarn braut saman i 1918. Den samla byen vart då hovudstad i fleire utgåver av Jugoslavia, fram til 2006, då Serbia igjen vart ein eigen sjølvstendig stat. Etter dette har byen opplevd stor kulturell og økonomisk vekst.[13][14]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Namn Areal (km²) Folketal (1991) Folketal (2002) Status
Barajevo 213 20 846 24 641 Forstad
Čukarica 156 150 257 168 508 By
Grocka 289 65 735 75 466 Forstad
Lazarevac 384 57 848 58 511 Forstad
Mladenovac 339 54 517 52 490 Forstad
Novi Beograd 41 218 633 217 773 By
Obrenovac 411 67 654 70 975 Forstad
Palilula 451 150 208 155 902 By
Rakovica 31 96 300 99 000 By
Savski Venac 14 45 961 42 505 By
Sopot 271 19 977 20 390 Forstad
Stari Grad 5 68 552 55 543 By
Surčin 285 Del av Zemun til 2004 55 000 (est.) Forstad
Vozdovac 148 156 373 151 768 By
Vračar 3 67 438 58 386 By
Zemun 154 176 158 136 645 By
Zvezdara 32 135 694 132 621 By
TOTAL 3227 1 552 151 1 576 124
Kjelde: Statistical Office of the Republic of Serbia

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Beograd ligg sentralt til og er derfor eit av dei travlaste transportknutepunkta i Europa. Byen er kjent for å vere den mest livlege i regionen og ber på utrykket «der alt skjer». Beograd har eit livleg nattelivet og mange kjem hit i helgene.

Beograd vart kåra som framtida sin europeisk by i Aust-Europa av Foreign Direct Investment. I ei undersøking har òg The New York Times kåra Beograd til ein av dei beste europeiske hovudstadane.

Kjende personar frå Beograd[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]