Berdytsjiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

49°54′0″N 28°34′0″E

Byen sitt våpenskjold

Berdytsjiv (ukrainsk Бердичiв; russisk Бердичев/Berditsjov, polsk Berdyczów) er sentrum i rajonen med same namn i Zjytomyr oblast i Ukraina. Byen ligg rundt 40 kilometer sør for Zjytomyr og har omlag 84 300 innbyggarar (1. januar 2005). Det er eit viktig trafikk-knutepunkt og industrisentrum med maskinindustri og skofabrikk.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Berdytsjiv blei første gong nemnd som busetting i 1320. Rundt 1546 blei det grunnlagd ein by her, seinare kom eit slott til. Ein årleg marknad som starta opp i 1675, medverka til at byen etter kvart voks fram som eit viktig handelssentrum.

[endre] Mordet på den jødiske befolkninga i 1941

Berdytsjiv var eit kulturelt sentrum for jødar, polakkar og ukrainarar frå 1600- til 1900-talet. Etter den tyske innmarsjen 7. juli blei den jødiske befolkninga, som utgjorde omtrent halvparten av dei 66 306 innbyggarane[1] samla ved flyplassen[2] og systematsk slakta ned. Blant dei som Sonderkommando 4a i Einsatzgruppe C myrda var mor til Vasilij Grossman.[2]

Den raude armeen frigjorde Berdytsjiv 15. januar 1944. Det var då 15 jødar att i byen.[1]

[endre] Litteratur

Michaela Christ: Die Dynamik des Tötens: Die Ermordung der Juden von Berditschew, Ukraine 1941-1944. Fischer: Frankfurt am Main 2011. ISBN 978-3-596-19185-7

[endre] Kjende personar frå byen

[endre] Referansar

  1. 1,0 1,1 Enzyklopädie des Holocaust, s.v. Berditschew
  2. 2,0 2,1 Vasily Grossman: A Writer at War. New York, 2006, S. 247-261.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk