Bereitet die Wege, bereitet die Bahn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bereitet die Wege, bereitet die Bahn!
BWV 132
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1715
Første framføring 22. desember 1715
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 19:02
Satsar 7

Bereitet die Wege, bereitet die Bahn!, BWV 132, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for fjerde sundag i advent, som dette året var den 22. desember.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Elisabeth Kreuziger (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn». Denne koralmelodien vart skriven som den verdsleg songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren», som finst i samlinga til Wolflin Lochamer av verdslege songar trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart endra litt av Elisabeth Kreuziger for den kyrkjelege songen/koralen i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter), som vart trykt i Wittenberg i 1524.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Bereitet die Wege, bereitet die Bahn», Arie for sopran
  2. «Willst du dich Gottes Kind und Christi Bruder nennen», Resitativ for tenor
  3. «Denn dieses ist der Christen Kron'», Arioso for tenor
  4. «Wer bist du? frage dein Gewissen», Arie for bass
  5. «Ich will mein Gott, dir frei heraus bekennen», Resitativ for alt
  6. «Christi Glieder, ach, bedenket», Arie for alt
  7. «Ertöt uns durch dein Güte», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]