Beretta 1935

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beretta 1935

Beretta 1935 er ein kompakt kaliber .32 ACP pistol med bakslagsmekanisme frå Beretta.

Den italienske hæren var imponert over den tyske Walther PP, og Beretta laga derfor Beretta 1934 for dei væpna styrkane. Beretta 1935 er rett og slett ein modell 1934 modifisert til å bruke skot i kaliber .32 ACP. Den italienske marinen og flyvåpenet bestilte pistolar i .32, medan hæren bruka .380.

Beretta 1935 er single-action og har manuell sikring. Magasinet tek 7 skot i kaliber .32. Alle delar kan skiftast ut.

Pistolen var utvikla for militæret og politi, men vart au seld sivilt. I åra 1944-1945 vart han au bruka av tyske styrkar i Italia.

Beretta 1935 er ein svært robust konstruksjon som er lett å vedlikehalde. Han vart produsert frå 1935 til 1967, om lag 525 000 eksemplar.

Mange Beretta 1935 vart tekne av allierte soldatar på slutten krigen. Dei lika våpenet godt, på grunn av at det er kompakt, lett å gøyme, påliteleg og godt konstruert. Mange av desse våpna er i bruk enno, og finst i stort tal i t.d. USA, Canada, Frankrike og Storbritannia. Ammunisjonstypen er jo vanleg den dag i dag.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia [1]