Berezniki
| Berezniki Березники |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Perm kraj | ||||
| Grunnlagd | 1932 | ||||
| Borgarmeister | Andrej Motovilov | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
387 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
167 000 431,5 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 130 moh | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 618400–618426 | ||||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)34242 | ||||
| Nettstad: http://berezniki.perm.ru/ | |||||
Berezniki (russisk Березники́) er ein by i Perm kraj i Russland. Han ligg ved elva Kama, rundt 160 km nord for Perm. I 2007 hadde han like under 170 000 innbyggjarar og er med det den nest største byen i Perm kraj.
Han vart grunnlagt i 1932 under den raske veksten til sovjetisk industri under Josef Stalin. Namnet Berezniki kjem frå ein bjørkeskog som låg der byen ligg i dag.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 fall innbyggjartalet i byen frå 220 000 til rundt 190 000 på grunn av aukande arbeidsløyse. Men dei viktigaste industriane i byen klarte likevel å halde seg på sporet. I byen ligg kjemisk industri som titan- og natriumfabrikkar, og fleire store kaliumkarbonat-gruver er i drift rundt Berezniki.
Sjølv om industriverksemdene forureiner ganske kraftig, så er naturmiljøet rundt byen vakkert og unikt på mange måtar. Det er vanleg at ville dyr kryssar gater i utkanten av byen. Skogar og innsjøar er enno reine og fredlege. Mange naturelskarar frå heile Russland kjem hit for vandreturar og ekspedisjonar.
Den første presidenten i Russland, Boris Jeltsin, budde og gjekk på skule i Berezniki.
Berezniki lufthamn ligg 20 km nord for byen.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Berezniki» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettstad for Berezniki (russisk)
- Nettstad for JSC Uralkali (engelsk)
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Perm | ||
| Aleksandrovsk · Berezniki · Dobrjanka · Gornozavodsk · Gremjatsjinsk · Gubakha · Kizel · Krasnokamsk · Krasnovisjersk · Kudymkar · Kungur · Lysva · Nytva · Okhansk · Osa · Otsjor · Solikamsk · Tsjajkovskij · Tsjerdyn · Tsjermoz · Tsjernusjka · Tsjusovoj · Usolje · Veresjtsjagino | ||