Berg kommune
Koordinatar: Mal:Koord/input/feil2
| Berg kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1929 |
| Fylke | Troms |
| Adm.senter | Skaland |
| Areal | 287 km² |
| Folketal | 888 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Guttorm Nergård (Felleslista) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.berg.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Berg kommune på Commons | |
- Sjå òg Bergs kommun i Sverige.
Berg kommune (samisk: Birggi suohkan) ligg på yttersida av Senja i Troms fylke. Kommunen grensar i aust mot Lenvik, i sør mot Tranøy og i sørvest mot Torsken.
Innhaldsliste |
[endre] Tettstad i kommunen
- Senjahopen - 310 innbyggjarar (2011)
[endre] Grunnkrinsar
Berg kommune har berre eitt delområde, som igjen er deld inn i følgjande ni grunnkrinsar (innbyggjartal 2008):
- Senjehopen (317)
- Medfjordvær (156)
- Ersfjord (41)
- Steinfjord (27)
- Bøvær (12)
- Skaland (215)
- Bergsbotn (84)
- Strømsnes (45)
- Hamn (17)
Ikkje oppgjeve bustad (23)
[endre] Historie
Berg kommune omfatta den noverande Torsken kommune fram til 1902, då Torsken vart skild ut. Etter det har kommunegrensene vore uendra. Kommunen var den minste i Troms etter folketal før 1925, då Øverbygd kommune, som var mindre, vart oppretta. Folketalet i kommunen nådde toppen i 1958, då han hadde 1524 innbyggjarar.[2] Frå 2002 til 2008 var Berg den nest minste kommunen i Troms - han vart mindre enn Lavangen kommune i 2002, men passerte i sin tur Torsken kommune i 2008.
[endre] Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Berg kommune frå 1910:
| 1910[3] | 1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[2] | 1.1.1961[2] | 1.1.1971[2] | 1.1.1981[2] | 1.1.1991[2] | 1.1.2001[2] | 1.1.2010[2] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1169 | 1176 | 1214 | 1414 | 1456 | 1513 | 1441 | 1417 | 1241 | 1094 | 926 |
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Systerprosjekt
[endre] Fotnotar
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Folkemengd i Berg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
| Kommunar i Troms | ||
|---|---|---|
| Balsfjord · Bardu · Berg · Bjarkøy · Dyrøy · Gratangen · Harstad · Ibestad · Karlsøy · Kvæfjord · Kvænangen · Kåfjord · Lavangen · Lenvik · Lyngen · Målselv · Nordreisa · Salangen · Skjervøy · Skånland · Storfjord · Sørreisa · Torsken · Tranøy · Tromsø | ||