Bergamo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergamo
Byvåpenet til Bergamo
Byvåpenet til Bergamo


Plassering
Bergamo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Bergamo
Borgarmeister Roberto Bruni
Geografi
Flatevidd
 - By

39,6 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010)
   - folketettleik

120 694
  3048/km²
Koordinatar 45°42′″N 9°40′″EKoordinatar: 45°42′″N 9°40′″E
Høgd over havet 249 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 24100
Telefon-retningsnummer 035
Nettstad: www.comune.bergamo.it

Bergamo (Bèrghemaustlombardisk uttale) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bergamo i regionen Lombardia og har om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 40 km nordaust for Milano. Foten av Alpane ligg like nord for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergamo ligg på same stad som byen Bergomum gjorde i antikken, grunnlagd av den keltiske stamma kenomanarane. I år 49 fvt. vart han ein romersk kommune med om lag 10 000 innbyggjarar på det meste. Han var eit viktig trafikknutepunkt på militærvegen mellom Friuli og Raetia og vart øydelagd av Attila400-talet.

Frå 500-talet vart Bergamo setet i eit av dei viktigaste hertugdøma til langobardane i Nord-Italia ved sida av Brescia, Trento ig Cividale del Friuli. Den første langobardiske hertugen var Wallaris. Etter at Karl den store erobra Det lombardiske kongedømet vart Bergamo sete for eit grevskap under Auteramus (døydde 816).

Det venetianske tårnet i Rocca.

Frå 1000-talet og framover var Bergamo ein sjølvstendig kommune og var ein del av Det lombardiske forbundet som slo Fredrik Barbarossa i 1165. Han hamna midt i striden mellom Welf og Ghibellini og vart styrt Colleoni-familien og så av Suardi-familien. Frå 1264 vart Bergamo periodevis styrt av Milano. I 1331 gav innbyggjarane av byen seg sjølv til Johan av Böhmen, men seinare gjenerobra Visconti-familien i Milano byen tilbake. Etter ein kort periode under Malatesta-familien i 1407, kom han i 1428 under Republikken Venezia, noko han var fram til 1797. Venetianarane bygde festningsverk i dei høgareliggande delane av byen.

I 1815 vart han gjeve til Austerrike. Giuseppe Garibaldi frigjorde byen i 1859 og frå den tid vart Bergamo ein del av Kongedømet Italia.

Bergamo er tradisjonelt fødestaden til Arlecchino og Brighella, to populære karakterar i commedia dell'arte,

Bergamo har hatt ein viktig plass i musikkhistoria. Den store romanske kyrkja Santa Maria Maggiore vart byrja på i 1137 og hadde ein kontinuerleg og veldokumentert tradisjon for lære innan musikk og song i meir enn åtte hundre år. Sidan byen var under venetiansk kontroll vart musikkstilen til venetianarane òg innlemma. Komponistar som Gasparo Alberti komponerte musikk med polyfoni med to orgel, messingblåseinstrument og bratsj, ein stil som vanlegvis er assosiert med Venezia, men som blømde i Santa Maria Maggiore.

Prominente musikarar fødde i Bergamo inkluderer Gaetano Donizetti, Pietro Locatelli, Antonio Lolli, Gianluigi Trovesi og Elio Picchetti. Alessandro Grandi, ein av dei mest progressive komponistane tidleg på 1600-talet etter Monteverdi, var maestro di cappella fram til han døydde under ein pest i 1630.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Traktorfabrikken Same er ein viktig arbeidsgjevar i Bergamo.

Folk frå Bergamo[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergamo