Bergamott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergamott
Bergamott
Bergamott
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Bergamott C. ×bergamia
Vitskapleg namn
Citrus ×bergamia

Bergamott (Citrus x bergamia eller Citrus bergamia), også kjend som bergamottappelsin, er ei sitrusfrukt som blir dyrka for den eteriske olja si. Typen blir hovudsakleg dyrka i Calabria, der ein oppnår den beste olja.[1] Bergamottolje blir brukt i kosmetikk, næringsmiddel, til aromaterapi og liknande. Ho er mellom anna kjend frå eau de cologne, Earl Grey-te og snus.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oppskoren bergamott.

Bergamott-planten er eit lite tre. Det men kan bli opptil 12 meter høgt, men frukttre blir haldne 4-5 meter høge.[2] Treet har sylindrisk stamme og gråbrun bork.[2] Bergamott er eviggrøn med ovale og glatte blad. Blomane er kvite.[3] Bløminga finn stad i april og mai, medan fruktene byrjar mogna i november.[2]

Fruktene er små og runde. Dei er grøne som kart og gule når dei mognar.[3]

Namn og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «bergamott» er truleg ei samanblanding mellom bynamnet Bergamo og bergamottpære, ein pæretype som på turkotatarisk heiter beg-armutu, 'prinsepære'.[4] På italiensk heiter frukta bergamotto og på fransk bergamote.[1] I Frankrike blir også limett av og til kalla «bergamote», medan på engelsk omtaler ein også urter frå hestemynteslekta Monarda som dette.

Bergamott oppstod som ei kryssing mellom to ulike sitrustypar, med pomerans (C. aurantium) og limett (C. limetta) som dei to mest sannsynlege stamartane. Ein reknar med at kryssinga oppstod i Italia, men planten kan også ha blitt innført frå ein annan stad ved Middelhavet eller Kanariøyane.[2]

Planten har hatt fleire ulike vitskaplege namn ut frå korleis ein klassifiserer han. Citrus x bergamia viser til statusen som ein hybrid, men artsnamnet Citrus bergamia er også mykje brukt. Citrus aurantium ssp. bergamia viser til at han også er blitt rekna som ein underart til pomerans. Andre synonym er Citrus limetta ssp. bergamia, Citrus decumana ssp. bergamia og Citrus bergamota.[2]

Bergamottolje.

Dyrking og bruk[endre | endre wikiteksten]

Bergamottolje har vore dyrka i middelhavsland i fleire hundreår. Bergamott veks mellom anna godt på Sicilia og i delar av Nord-Afrika, men den beste etriske olja får ein frå plantar frå Calabria, der ein også har størst produksjon.[1] Ein dyrker også noko bergamott i Elfenbeinskysten.[3] Dei særskilde eigenskapane til bergamottolje har vore kjende sidan midten av 1750-talet.[2] Ein vinn ut bergamottolje ved å kaldpressa det avrivne skalet til frukter som nesten er mogne, for så å rensa og filtrera henne.[3]

Bergamott er ei sur frukt som ikkje blir eten rå, men ho kan syltast til marmelade og skalet kan kandiserast til sukat.[5] Bergamottolje kan brukast til å smaksetja søtsaker, som lokum frå Midtausten og bergamote de Nancy frå Frankrike. Bergamottolje blei brukt til å smaksetja te frå 1800-talet, og er i dag særleg kjend i teblandinga Earl Grey.[3] Ho kan også brukast til likør og snustypar som Skruf og Generalsnus.[6]

Olja blir mykje brukt til ulike parfymar, kremar og såper.[3] Ho er ein viktig del av eau de cologne, som blei utvikla ved byrjinga av 1700-talet.[1] Bergamottolje har også ein vid bruk innan aromaterapi, der ho særleg blir rekna for å verka avslappande samstundes som ho er forfriskande. Andre bruksområde er mot infeksjonar i hud, munn, andedrettsorgan og urinvegar.[3]

Nokre innhaldsstoff i bergamottolje, som bergapten og psoralen, kan gjera huda ømfintleg for lys.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bergamot sour orange hybrid», Citrus Variety Collection, citrusvariety.ucr.edu
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Giovanni Dugo; Ivana Bonaccorsi (23. august 2013), Citrus bergamia: Bergamot and its Derivatives, CRC Press 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Bergamott», Urtekildens planteleksikon, rolv.no
  4. «bergamott» i Nynorskordboka.
  5. The Oxford Companion to Food (2006): "The bergamot orange is not edible and is grown only for its fragrant oil, although its peel is sometimes candied."
  6. «bergamott». NE.se. Henta 11. november 2014, oppgjeven av Svensk Wikipedia.