Berge Furre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berge Ragnar Furre, (fødd 13. april 1937) i Sjernarøy i Finnøy kommune i Ryfylke, er ein norsk politikar, historikar og teolog. Furre var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 1973 til 1977 for Rogaland, og leiar for SV frå 1976 til 1983. Han var medlem av Lundkommisjonen 1994-1996. Han var professor i historie ved Universitetet i Tromsø mellom 1985 og 1986. Frå 1991 har han vore professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo . Furre har skrive ei rad bøker, særleg om historiske og politiske emne.
Innhaldsliste |
[endre] Utmerkingar
- Furre vann Fritt Ords Pris i 2003.
- I 2003 vann han også Storegutprisen.
- 29. april 2006 vart han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.
[endre] Nokre bokverk
- 1990 Soga om Lars Oftedal ISBN 82-521-3468-8 Om presten Lars Oftedal (1838-1900)
- 1992 Norsk historie 1905-1990 : vårt hundreår ISBN 82-521-3487-4
- 2000 Norsk historie 1914-2000 Industrisamfunnet - frå vokstervisse til framtidstvil ISBN 82-521-5187-6
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
Kategoriar:
- Fødde i 1937
- Norske teologiprofessorar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Norske politikarar
- Norske historikarar
- Sosialistiske politikarar
- Norsk arbeidarhistorie
- Norsk historie
- Arbeidarrørsla
- SV-politikarar
- Målfolk
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Folk frå Finnøy
- Leiarar for Sosialistisk Venstreparti
- Mottakarar av Fritt Ords Pris
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi