Bergen Hardanger Voss Billag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen Hardanger Voss Billag

Veteranbuss fra BHV under Fjordsteam 2018 i Bergen. Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.910500805
BransjeKollektivtransport
Skipa1. januar 1978
Forgjengar(ar)Bergen–Hardanger Billag, Bergen–Dale–Voss Billag, Voss–Stalheim–Gudvangen Automobillag
Etterfylgjar(ar)HSD Buss
HovudkontorBergen
LandNoreg

Bergen-Hardanger-Voss Billag AS vart starta 1. januar 1978. Det nystarta selskapet overtok konsesjonane til Bergen-Hardanger Billag AS, Bergen-Dale-Voss Billag AS og Voss-Stalheim-Gudvangen Automobillag AS.

Selskapet dreiv bilruter på strekningane BergenKvandalVoss over Kvamskogen (i samkøyring med HSD-Bilane), Bergen–Voss over Dale, og strekninga Bergen–TysseEikelandsosen. BHV var eit velrenomert selskap med gjennomgåande høg standard på bussmateriellet. Derfor var dei blå bussane populære å leige for selskap og grupper som skulle på tur i inn- og utland. I ein periode samarbeida BHV og HSD om turkøyring under paraplyen Unitur, men BHV valde etterkvart å stå utanfor dette samarbeidet.

Hovudkontoret låg på Kronstad i Bergen, med lokalavdelingar i Arna og kommunane Samnanger, Kvam, Vaksdal og Voss. I tillegg til vanleg rute- skule- og turkøyring, var Bergen-Hardanger-Voss involvert i noko godstransport.

Sjølv om NSB var største aksjonæren i selskapet, klarte dei aldri å få full kontroll med det. I 1997 gav dei opp og selde aksjane sine til den nest største aksjonæren, HSD. Som heileigd dotterselskap skifta BHV namn til HSD Buss AS, og etterkvart vart all busstrafikken i HSD-konsernet overført til det «nye» selskapet. HSD Buss AS har sidan tatt opp i seg konkurrentane VestTrafikk AS, Bergen Nordhordland Rutelag ASA (bildivisjonen og innanriksferjene), Haugaland Billag AS, Tveita Bilruter og Jondal Bilruta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bergen Hardanger Voss Billag