Bergen internasjonale filmfestival
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er ein norsk filmfestival som har vorte arrangert i Bergen kvar oktober sidan år 2000. Dersom ein måler i talet på filmar som blir framsynte, er BIFF den største filmfestivalen i landet. Ved festivalen i 2010 vart det synt 150 filmar, noko som var ny rekord. BIFF inngår i BergArt (Bergen Art Festival), ein årleg festival for tverrkunstnarleg samtidsuttrykk i byen.
Den viktigaste framsyningstaden for BIFF er Magnus Barfot kinosenter, men ein syner også film på Cinemateket USF, Konsertpaleet og andre stader.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Debuten til filmfestivalen i år 2000 var i høve Bergen sin status som Europeisk kulturhovudstad. Festivalen vart ein suksess med nesten 20 000 vitjingar, og har sidan vorte skipa kvart år. I 2010 hadde festivalen over 45 000 publikummarar.
[endre] Prisutdelingar
[endre] Cinema Extraordinare
Hovudprisen til festivalen, Cinema Extraordinare, vert utdelt av ein jury som består av norske filmprodusentar og -kritikarar. Prisen har hatt sitt noverande namn sidan 2007. Fram til 2005 gjekk prisen under namnet Juryens pris, og i 2006 heitte det Norsk filminstitutts importpris, der prisen var norsk distribusjon. I dag er prisen på 50 000 kroner.
- 2000:
Tadsjikistan: Luna Papa, regissert av Bakhtyar Khudojnazarov - 2001:
India: Lagaan, regissert av Ashutosh Gowariker - 2002:
Austerrike: Dog Days, regissert av Ulrich Seidl - 2003:
Kina: Blind Shaft, regissert av Li Yang - 2004:
USA: Mysterious Skin, regissert av Gregg Araki - 2005:
Finland: Frozen Land, regissert av Aku Louhimies - 2006:
Argentina: The Minder, regissert av Rodrigo Moreno - 2007:
Mexico: Silent Light, regissert av Carlos Reygadas - 2008:
Bulgaria: The World is Big and Salvation Lurks Around the Corner, regissert av Stefan Komandarev - 2009:
Kroatia: No One's Son, regissert av Arsen Anton Ostojić - 2010:
Italia: Le Quattro Volte, regissert av Michelangelo Frammatino - 2011:
Argentina: Akasiene, regissert av Pablo Giorgelli
[endre] Publikumsprisen
Publikumsprisen er den andre opphavlege prisen som har vorte utdelt sidan oppstarten. Fram til 2010 kunne publikum røysta på alle filmane under BIFF, men frå 2011 kan berre eit utval av filmane røystast på.
- 2000:
Kina: Snikende tiger, skjult drage, regissert av Ang Lee - 2001:
Tyskland: Das Experiment, regissert av Oliver Hirschbiegel - 2002:
USA: Bowling for Columbine, regissert av Michael Moore - 2003:
USA: Kill Bill Vol. 1, regissert av Quentin Tarantino - 2004:
Sør-Korea: Oldboy, regissert av Park Chan-wook - 2005:
Noreg: Sirkel, regissert av Aleksander Nordaas - 2006:
Storbritannia: The Queen, regissert av Stephen Frears - 2007:
Tyskland: Fashion Victims, regissert av Ingo Rasper - 2008:
Storbritannia: Young@Heart, regissert av Stephen Walker - 2009:
Noreg: Bring Children from Streets, regissert av Espen Faugstad og Eivind Nilsen - 2010:
USA: World Peace and Other 4th Grade Achievements, regissert av Chris Farina - 2011:
USA: The Bully Project, regissert av Lee Hirsch
[endre] Beste dokumentar
Prisen for Beste dokumentar har vorte utdelt sidan 2004, då BIFF ynskte å fokusera meir på dokumentarfilm. Prisen er på 50 000 kroner.
- 2004:
Nederland: The Master and His Pupil, regissert av Sonia Herman Dolz - 2005:
USA: The Boys of Baraka, regissert av Heidi Ewing og Rachel Grady - 2006:
USA: God Grew Tired of Us, regissert av Christopher Dillon Quinn - 2007:
Nederland: Forever, regissert av Heddy Honigmann - 2008:
USA: War Child, regissert av Christian Karim Chrobog - 2009:
Storbritannia: Afghan Star, regissert av Havana Marking - 2010:
Romania: The Autobiography of Nicolae Ceausescu, regissert av Andrei Ujică - 2011:
USA: Buck, regissert av Cindy Meehl
[endre] Ungdommens dokumentarpris
Denne prisen har vorte utdelt sidan 2004 av en jury som består av styremedlemmer frå ungdomsfilmklubben Hordaland ung filmforening (HUFF) som alle er elevar på vidaregåande skule.
- 2004:
USA: Outfoxed: Rupert Murdoch's War on Journalism, regissert av Robert Greenwald - 2005:
Tyskland: Lost Children, regissert av Oliver Stoltz - 2006:
Sveits: A Crude Awakening: The Oil Crash, regissert av Basil Gelpke og Ray McCormack - 2007:
Canada: Sharkwater, regissert av Rob Stewart - 2008:
Noreg: Yodok Stories, regissert av Andrzej Fidyk - 2009:
USA: The Cove, regissert av Louie Psihoyos - 2010:
Danmark: Bogota Change, regissert av Andreas Møl Dalsgaard - 2011:
USA: The Bully Project, regissert av Lee Hirsch
[endre] Checkpoints
Checkpoints er eit program som har eksistert sidan 2007. I samarbeid med Raftostiftelsen er målet å setja søkeljoset på menneskerettar. I 2010 vart det for fyrste gang også delt ut ein pris til beste film på dette programmet. Juryen vart leidd av Nobels fredspris-mottakar Shirin Ebadi. Prisen på 50 000 kroner går til menneska filmen handlar om, ikkje til filmskaparane.
- 2010:
Israel: Budrus, regissert av Julia Bacha - 2011:
USA: The Last Mountain, regissert av Bill Haney
[endre] Norsk kortfilmtevling
Sidan 2004 har det vorte utdelt ein pris til beste norske kortfilm.
- 2003: Fear Less, regissert av Therese Jacobsen
- 2004: The Bible, regissert av Bjørn Amundlien
- 2005: Drømme kan du gjøre senere, regissert av Thomas A. Østbye
- 2006: Drømmehuset, regissert av Øystein Mamen
- 2007: Bo jo cie kochom (Fordi jeg elsker deg), regissert av Gine Therese Grønner
- 2008: Ekornet, regissert av Stian Einar Forgaard
- 2009: Skylappjenta, regissert av Iram Haq
- 2010: Jenny, regissert av Ingvild Søderlind
- 2011: Asyl, regissert av Jørn Utkilen
[endre]
Prisen for beste skandinaviske musikkvideo vart delt ut for fyrste gong i 2010
- 2010:
Noreg: Torgny - "The Only Game", regissert av Emil Trier
[endre] Ungt talent
Siden 2005 har BIFF delt ut ein pris for «ungt talent» på 20 000 kroner.
- 2005: Aleksander Nordaas
- 2006: Morvary Samaré og Astrid Schau-Larsen
- 2007: Tor Kristian Liseth
- 2008: Olav Øyehaug
- 2009: Espen Faugstad og Eivind Nilsen
- 2010: Kedy Hassani
- 2011: Frida Eggum Michaelsen
[endre] Kritikarprisen
Kritikerprisen vart delt ut av journalistar som deltok på festivalen i 2003.
- 2003:
Sør-Korea: A Good Lawyer's Wife, regissert av Im Sang-soo
I 2011 lanserte BIFF 3 nye prisar: Årets norske kort-dokumentar, Juryens spesialpris og Juryens hovudpris.
[endre] Årets norske kort-dokumentar
- 2011: Selger 329, regissert av Kari Anne Moe
[endre] Juryens spesialpris
- 2011:
Noreg: Reunion: Ten Years After the War, regissert av Jon Haukeland
[endre] Juryens hovudpris
- 2011:
Noreg: Folk ved fjorden, regissert av Øyvind Sandberg
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Bergen internasjonale filmfestival» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2011.
- Prisutdelingane for 2011 er henta frå Biff.no, 25.10.11: Prisseremoni