Bergen søvnsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergen søvnsenter er ein søvnklinikk med kontor på Bryggen i Bergen som diagnostiserer og behandlar søvnsjukdommar hjå menneske. Senteret vart etablert i 1996 ved fire medisinske spesialistar:

Sistnemnde har ikkje vore aktiv ved senteret sidan 1998,[1] medan dei tre andre arbeider der framleis (pr. desember 2007).

Sjukdommane som søvnsenteret tek seg av er mellom anna periodiske bein(fot)rørslar (RLS), parasomniar, søvnapné og storsnorking, narkolepsi med og utan katapleksi, ekstrem dagtidstrøyttleik (hypersomni), insomni, jetlag, vinterdepresjonar og døgnrytmesjukdommar mellom både vaksne og barn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Personleg kommunikasjon med dr. Holsten i desember 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bergen søvnsenter Arkivert 2008-05-08 ved Wayback Machine.