Bergensbanen
Bergensbanen eller Bergensbana er ei 50 mil lang einspora jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgstliggjande hovudlina i Europa ved å krysse Hardangervidda, med 1238 meter over havet som høgste punktet på den noverande traseen. Lina vart opna av kong Haakon VII på Voss stasjon den 27. november 1909, og har vorte ein populær turistattraksjon.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Tanken om ein bane mellom Oslo og Bergen vart lansert 24. august 1871 av forstmeister A.T. Gløersen, i ein artikkel trykt i Bergensavisen. Initiativet har gjeve han heiderstittelen «Bergensbanens far». Framlegget hans vart møtt med skepsis frå mange hald. Hovudinnvendingane gjekk på at bygginga ville bli svært kostbar, at banen ikkje ville vere til særleg nytte for godstransporten og at banen lokalt var til avgrensa nytte sidan han for ein stor del gjekk gjennom folketomme område. Dessutan ville vêrtilhøva gjere det vanskeleg å halde banen open vinterstid. Vossabanen mellom Bergen og Voss blei opna i 1883, og denne gjekk etter traséen som også var foreslått for Bergensbanen. Då Stortinget endeleg tok ei avgjerd i 1894, etter eit lengre ordskifte om kva veg jarnbanelina skulle ta vidare over fjellet, valde innanriksminister Johan Thorne å trekkje seg. Hovudargumentet for banen var den lange reisetida mellom Bergen og Oslo; ei båtreise tok meir enn 50 timar. Blant andre argument som vart trekte fram i debatten, var dei røynslene Fridtjof Nansen gjorde om landskapet då han i 1884 gjekk på ski over fjellet. Fyrst vart lina mellom Voss og Taugevatn godkjend av Stortinget, i 1898 vart resten av lina godkjend.
Bygginga av Bergensbanen var ei stor økonomisk satsing for staten. Banen kosta meir enn eit norsk statsbudsjett i 1909.
Bygginga av banen var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid var og er det fleire meter med snø. Strekninga mellom Voss og Myrdal vart opna sommaren 1906. Heile lina vart opna for passasjertrafikk 27. november 1909.
Frå første stund var Bergensbanen ein suksess målt i trafikktal. Han fekk snart tre gonger så mange reisande som Rørosbanen mellom Trondheim og Oslo. I 1920–21 reiste 3,7 millionar passasjerar med banen. Dei mørke spådommane om umoglege vêrtilhøve slo heller ikkje til.
I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jernbanen ferdig elektrifisert. I 1984 byrja difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa.[1]
[endre] Jernbaneanlegget
Bergensbanen hadde i 1909 ei lengd på 493 km. Banen hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. Den lengste tunnelen var den ved Trollkona, litt over 8 kilometer lang. Den lengste tunnelen i dag er, bortsett frå Liertunnelen på 10 700 meter, som eigentleg høyrer til Drammensbanen, Finsetunnelen som er 10 300 meter lang og som stod ferdig i 1993. Den lengste brua på Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen er Kongsnutbrua på 160 m, opna 1994. Den høgstliggjande stasjonen er Finse stasjon (1222 moh.), og det høgste punktet på lina var Fagernut ved Taugevatn (1301 moh.). I dag er lina 409 km og høgaste punkt, 1238 moh., ligg inne i Finsetunnelen.[2] Innkortinga kjem av bygging av fleire tunnelar, mellom anna Ulrikentunnelen.
Dei fullstendige planane for Bergensbanen omfatta ei Ringeriksline direkte frå Hønefoss til Oslo, men for å spare pengar vart den såkalla "grisekrøllen" om Roa vald i staden. Ei anna line mellom Hønefoss og Oslo går etter Drammensbanen–Randsfjordbanen. Etter at Liertunnelen mellom Asker og Lier vart opna på 70-talet vart den sistnemnde strekninga vesentleg kortare. Jernbaneverket arbeider enno med planane om å byggje ei ny jernbaneline mellom Sandvika i Bærum og Hønefoss i Ringerike (Ringeriksbanen), og dermed forkorte Bergensbanen med om lag 60 km og reistetida med om lag 50 minutt. [3]
[endre] Trafikk
På Bergensbanen går det no (2009) fire daglege avgangar kvar veg på heile distansen. Reisetida varierer frå 6 timar og 28 minutt på det raskaste ettermiddagstoget til 7 timar og 47 minutt på det langsamaste nattoget.[4]
[endre] Turisme
Bergensbanen er i seg sjølv eit turistmål, som fleire gonger er rangert blant dei vakraste togreisene i verda.[5]
Jernbanelina er i dag eit populært turistmål. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inn til lina og er eit populært turmål, NSB leiger ut syklar mellom anna på Finse. Frå Myrdal går det ein sidebane til Flåm ved Sognefjorden (Flåmsbana). Hardangerbana frå Voss til Granvin i Hardanger vart nedlagd i 1988.
[endre] Stasjonar på Bergensbanen
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
[endre] Kjelder
- Trond Bergh: Bergensbanen 100 år i Almanakk for Noreg 2009
- JBV: Bergensbanen- historie
- Jernbanestatistikk 2007 (PDF)