Bergenshalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilde av Bergenshalvøya

Bergenshalvøya er ei halvøy som omfattar heile dei to kommunane Bergen og Os, og den vestlege kvarten av Samnanger i distriktet MidhordlandVestlandet i Noreg. Flatemålet er kring 680 km², og her bur meir enn 274 000 menneske. Halvøya heng saman med resten av fastlandet ved Samnanger og den vestlegaste fliken av Vaksdal kommune. Avstanden frå inst i Samnangerfjorden til Sørfjorden er berre om lag 5 km, men det ligg høge fjell i området og det lågaste punktet ligg på om lag 460 moh. i Grøskaret.

Bergenshalvøya er omkransa av Samnangerfjorden og Fusafjorden i søraust, Bjørnafjorden i sør, Korsfjorden med fjordarmane Lysefjorden og Fanafjorden mot sørvest, Raunefjorden mot vest, Byfjorden mot nordvest og Sørfjorden mot nordaust. Brorparten av halvøya ligg i Bergen kommune som har eit flatemål på 465 km², og innbyggjartal på 256 600 (2010). Den sørlege delen ligg i Os kommune, som har eit flatemål på 139 km² og eit folketal på 16 684 (2010). I aust ligg om lag 64 km² i Samnanger og 9 km² i Vaksdal. Tidlegare var det fleire sjølvstendige herad som omkransa gamle Bergen by, mot aust låg Arna (inntil 1964 Haus), mot sør Fana , mot vest Laksevåg og mot nord Åsane. Alle desse gjekk inn i storkommunen Bergen i 1972, slik at det no berre er dei før nemnde kommunane att.

I seinare tid har det òg vore snakka om å slå saman dei to kommunane og fleire andre kommunar i Hordaland [1], men det har ikkje blitt til ennå. Området har mange tettstader, men det er mest fjellområde som ligg heilt aude, særleg i bydelane Arna og Fana (Byfjella og Gullfjellet), men òg i delar av Os. Det finst òg nokre område med jordbruk, mest i den sørlege delen, i Fana og Os.

Namnet finn ein att i Bergenshalvøens Kommunale Kraftlag (BKK).

Referansar[endre | endre wikiteksten]