Bergensskulen i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergensskulen i meteorologi vart grunnlagd på Det geofysiske institutt («Geofysen») i Bergen av fysikaren og meteorologen Vilhelm Bjerknes saman med assistentane Halvor Solberg, Jack (Jacob) Bjerknes (sonen til Vilhelm), Tor Bergeron frå Sverige og to andre assistentar frå Carnegie Institution.

Nordmannen Vilhelm Bjerknes, som på den tida var verdas fremste meteorolog og styrar av det geofysiske instituttet ved Universitetet i Leipzig, vart i 1917 invitert heim til Noreg (etter press frå Fridtjof Nansen og borgarane i Bergen) for å organisera den meteorologiske verksemda på det nyoppretta Geofysiske instituttet i Bergen og fungera som professor der. Dette blei opptakten til den berømte "Bergensskulen i meteorologi", som gjorde norsk meteorologi til eit mønster for andre land og er grunnlaget for all moderne vervarsling.

Vilhelm Bjerknes hadde alt forska på vêrvarsling i mange år, og hadde tidlegare skrive fleire banebrytande avhandlingar om korleis ein i prinsippet kan nytta matematikk saman med kjennskapet til dei fysiske lovane som gjeld i atmosfæren, til å føreseia vêret. Bjerknes' lov om vêrvarsling, også kalla numerisk vêrvarsling, ligg til grunn for nesten alle dagens metodar for varsling av vêret.

Gjennom Bergensskulen i meteorologi fornya Vilhelm Bjerknes praktisk vêrvarsling med nye metodar og gjorde meteorologi og klimaforsking om frå spådomskunst til ein eksakt vitskap som han òg omsette i praksis.

Bjerknes sine assistentar i perioden 1917-1926:[endre | endre wikiteksten]