Bergfrid Fjose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergfrid Fjose
Fødd31. mars 1915
Ullensvang kommune
Død13. mai 2004 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
FarJon Mannsåker
MedlemRegjeringa Korvald
Alle verv

Bergfrid Fjose (31. mars 191513. mai 2004) var ein norsk KrF-politikar frå Ullensvang, og den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten frå Kristeleg Folkeparti.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Fjose vart fødd Mannsåker. Faren hennar, Jon Mannsåker, var styrar ved Hardanger Folkehøgskule, som i dag ligg på Lofthus i Hardanger. Som 13-åring flytte familien til Voss, fordi faren hadde fått stilling som kapellan der, og i tillegg var vald inn på Stortinget for Venstre. Fjose byrja på Voss Landsgymnas i 1933, same året som Kristeleg Folkeparti vart skipa.

På gymnaset var Bergfrid med på å skipa Voss Unge Venstre. Her trefte ho òg Olav Fjose, som ho seinare gifte seg med. Etter examen artium vart båe elevar ved Den nye lærerskole i Oslo. I 1939 fekk båe lærarstilling ved Valdres folkehøgskule, og avgjorde å gifta seg i april 1940. Året etter vart Olav Fjose engasjert i Milorg i Oslo. Det førte til at dei måtte rømma på sykkel til Sverige i 1943, med to små born.

Politikar og statsråd[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1945 vart Olav Fjose fengselsprestvikar i Stavanger. Der overtala han kona si til å gå over frå Venstre til Kristeleg Folkeparti. Frå 1947 til 1952 var Bergfrid og Olav Fjose styrarpar på den kristelege Ungdomsheimen på Kvamskogen. Deretter budde dei 5 år på Voss og 9 år i Årdal, og i desse åra arbeidde Bergfrid Fjose som lærar. I 1966 flytte dei til Fana ved Bergen, og etter at mannen vart pensjonist 1979, slo dei seg ned på Voss.

Bergfrid Fjose var med i kommunestyra i Kvam (1951–52), Årdal (1959–63) og Fana (1968–72), og i 1969 vart ho innvald på Stortinget. Der sat ho i to periodar, fram til stortingsvalet 1977, då ho takka nei til attval. I stortingstida var ho formann i Løvebakken Mållag og fråhaldsgruppa på Stortinget.

Etter EF-avrøystinga 1972 gjekk regjeringa Bratteli av, og Lars Korvald skipa ei mindretalsregjering med KrF, Senterpartiet og Venstre, og Bergfrid Fjose vart sosialminister. Dei viktigaste sakene ho fekk igjennom, var forboda mot tobakksreklame og alkoholreklame. Også ei stortingsmelding om edruskapspolitikk førte til prinsippvedtak som vart varige.

Etter dette stilte Bergfrid Fjose opp i Dag Frøland og Tore Ryen sin revy på Chat Noir, der ho song duett med skodespelaren Rolf Just Nilsen. I KrF var dette nokså uvanleg på den tida, men i folkedjupet vekte det enorm jubel. Då ho vart sett i Oslo-gatene med ein grå, umerkt plastberepose av det slaget som Vinmonopolet brukte, fekk denne plastpose-typen namnet «fjose-pose». Bergfrid sjølv skal lenge ikkje ha visst at posen ho bar på, kom frå Vinmonopolet.

«Ein open og folkeleg politikar eg såg opp til og lærte mykje av,» sa Kjell Magne Bondevik om Bergfrid Fjose på 85-årsdagen hennar. Fjose vart æresmedlem i Kristeleg Folkeparti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]