Bergkallar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bergkall)


Bergkallar
Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Entre Rios, Argentina Foto: Lip Kee Yap
Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Entre Rios, Argentina
Foto: Lip Kee Yap
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Bergkallar Cinclodes
Gray, 1840

Bergkallar er ei biologisk slekt Cinclodes av sporvefuglar og medlem av omnfuglfamilien, Furnariidae. Alle artane i slekta har norske namn som deler fellesnemninga 'bergkall'.

Dette er omtrent 15 artar distribuert over sørlege Sør-Amerika og i Andes. Dei er bakkelevande fuglar av opne habitat, vanlegvis funne i nærleiken av vatn, til dømes fjellbekker eller i fjæra der dei beitar på små virvellause dyr. Dei er tettvokste fuglar med sterke bein og føter og spisse, litt nedbøygde nebb. Fjørdrakta er lite synleg og hovudsakleg brun, ofte med eit bleikt vengspegl, stripe over auget og over halehjørna. Dei har høge, trillande læte og vil ofte slå ut vengene medan dei syng.

Stjertbergkall er nær tuga, mens regentbergkall og snøbergkall er kritisk truga. Dei to sistnemnde lever i store høgder med små leveområde, og bestanden for begge artane er trudd å vere redusert til berre ca. 50 - 250 kjønnsmodne individ.[1][2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Cinclodes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Stjertbergkall, Cinclodes pabsti, Long-tailed Cinclodes, Sick, 1969, (NT)
  • Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Buff-winged Cinclodes, Vieillot, 1818, (LC)
  • Sotbergkall, Cinclodes antarcticus, Blackish Cinclodes, Garnot, 1826, (NT)
  • Rusttippbergkall, Cinclodes comechingonus, Cordoba Cinclodes, Zotta & Gavio, 1944, (LC)
  • Rustvengbergkall, Cinclodes albidiventris, Chestnut-winged Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Skjelbrystbergkall, Cinclodes olrogi, Olrog's Cinclodes, Nores & Yzurieta, 1979, (LC)
  • Lysbukbergkall, Cinclodes albiventris, Cream-winged Cinclodes, Philippi & Landbeck, 1861, (LC)
  • Gråflankebergkall, Cinclodes oustaleti, Gray-flanked Cinclodes, Scott, 1900, (LC)
  • Grovnebbergkall, Cinclodes excelsior, Stout-billed Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Regentbergkall, Cinclodes aricomae, Royal Cinclodes, Carriker, 1932, (CR)[1]
  • Snøbergkall, Cinclodes palliatus, White-bellied Cinclodes, Tschudi, 1844, (CR)[2]
  • Kvitvengbergkall, Cinclodes atacamensis, White-winged Cinclodes, Philippi, 1857, (LC)
  • Stripebergkall, Cinclodes patagonicus, Dark-bellied Cinclodes, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Brottbergkall, Cinclodes taczanowskii, Surf Cinclodes, von Berlepsch & Stolzmann, 1892, (LC)
  • Fjærebergkall, Cinclodes nigrofumosus, Seaside Cinclodes, d'Orbigny & Lafresnaye, 1838, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Cinclodes aricomae Arkivert 2014-10-26 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. februar 2021
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Cinclodes palliatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. februar 2021
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergkallar