Bergmjølk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergmjølk i grotta Bergmilchkammer.

Bergmjølk eller månemjølk er ei ein blaut, osteaktig masse av utfelt kalk i grotter, såkalla speleothemer. Bergmjølk blir lett danna ved låge temperaturar, og er vanleg i norske karstholer.

Namnet stammar frå grotta Mondloch i Sveits, der slike utfellingar vart skildra i 1455 og kalla Mondmilch, seinare Montmilch eller Bergmilch. Ordet er seinare feilaktig omsett til engelsk, der det blir kalla moonmilk (månemjølk). Denne omsetjinga er så innarbeidd i engelskspråkleg fagterminologi at han er halde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]