Bergmynte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergmynte


Bergmynte
Bergmynte

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Lamiales
Familie: Lamiáceae
Slekt: Origanum
Art: O. vulgáre
Vitskapleg namn
Origanum vulgare

Bergmynte (Origanum vulgare), òg kalla kungsgras eller kung, er ein fleirårig plante i slekta Origanum i leppeblomfamilien. Ulike underartar og sortar av planta er mykje bruka som krydderplante og då under namnet «oregano».

Bergmynte.

Planten vert opptil 40 cm høg. Han har forveda, krypande rotstokk og ein oppretta stengel som greinar seg frå midten og opp. Blada er ovale og snaue ovanpå. Blomatrane er raudfiolette og sit i tette duskar.

Kung veks på tørre bakkar, i kratt og ur, gjerne på solvende stader.

Bergmynte kjem frå middelhavsområdet. Fleire artar er herdige også i Noreg, og på Sørlandet veks det fleire stader forvilla bergmynte. I Noreg finst han på Austlandet nord til Nord-Fron og Lom, på indre Vestlandet og nordover til og med Helgeland og Salten. I Hemsedal veks han opp til 1000 moh. I Sverige veks han nord til Bergslagen, i Finland berre i sørvest, i Danmark manglar han vest i landet. Kung er elles ein europeisk og nordasiatisk plante.

Det er eit utal kryssingar og dyrkingssortar av bergmynte, som varierer noko i utsjånad og ikkje minst smakskarakteristikk.

Krydder[endre | endre wikiteksten]

Planten er ein velluktande krydderurt der blada kan brukast i matlaging; gjerne til sauekjøtt. I eldre tid skal han ha vore bruka både til lækjemiddel og til trolldomsurt, eller kanskje rettare som vern mot trolldom. Det krydderet som i Noreg og Sverige blir seld som oregano er ofte ei blanding av tørka blad frå underarten gresk oregano og sorten 'Compactum'.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Bergmynte har fleire underartar:[1]

  • Origanum vulgare subsp. glandulosum - Algirsk oregano
  • Origanum vulgare subsp. gracile - Russisk oregano
  • Origanum vulgare subsp. hirtum - Gresk oregano
  • Origanum vulgare subsp. virens
  • Origanum vulgare subsp. viridulum
  • Origanum vulgare subsp. vulgare - Oregano

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

Fleire kultivarar (sortar) er framdyrka på grunn av kryddereigenskapane, men òg som prydplante. Det finst mange sortar å marknaden. Sjølv om bergmynte veks naturleg i Noreg toler fleire av desse sortane dårleg kaldare klima:

  • 'Acorn Bank' (England) (syn. 'Golden Narrow') - cirka 20-40 cm. Har små gulgrøne til gule, spisse blad med innrulla kantar.
  • 'Album' - 25 cm. Lysare grøne blad og kvite blomstrar.
  • 'Aureum' - 30 cm høg og har gulgrøne til gule blad.
  • 'Aureum Crispum' - har gulgrøne, krusete blad og rosa blomstrar. Dårleg i kaldt klima.
  • 'Compactum' - 15 cm høg og særs kompakt. Den har mørkegrøne blad og rosa blomstrar.
  • 'Country Cream' - har blad som er brokete i grønt og fløytekvitt. Blomstrane er lyst rosa.
  • 'Curly Gold' - 15 cm høg med gule blad.
  • 'Gold Tip' - 40 cm. Om våren har blada ei tydeleg gul markering i spissen. Blomstrane er kvite til lyst rosa.
  • 'Polyphant' (Polyphant Herb Nursery) - ein sport av 'Aureum Crispum'. 30 cm. Blada er brokige i grønt, sølv og kvitt. Blomstrane er kvite.
  • 'Prismaticum' - har purpur blomstrar. Bra kryddersort.
  • 'Purple Lady' - 40 cm høg med mørkt purpurrosa blomstrar.
  • 'Samothrake' - frøsort av gresk oregano.
  • 'Thumble's Variety' - lillarosa blomstrar.
  • 'Variegatum' - 40 cm. Kvitbrokig bladverk og lysrosa blomstrar.
  • 'Webb's White'
  • 'White Anniversary' - 15 cm. Har små grøne blad med kvite kantar. Blomstrane er kvite.
  • 'White Charm' - har mørkt grøne blad og kvite blomstrar. Bra kryddersort.
  • 'Zorba Red' (Pieter den Haan 2002) - kompakt vekst, den har purpurraude høgblad og kvite blomstrar. Bra kryddersort. Patentert.
  • 'Zorba White' (Pieter den Haan 2002) - kompakt vekst, den har lysegrøne høgblad og kvite blomstrar. Bra kryddersort. Patentert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ars-grin.gov/cgi-bin/npgs/html/taxon.pl?25913

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bergmynte