Bergsøy skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergsøy skule er barneskulen på Bergsøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Grunna storleiken og utsjånaden gjekk skulen i starten under namnet «Ljosborga», men etter kvart har dette vorte til «Borga».

Vedtaket om at skulen skulle byggjast vart gjort kring 1950 for at den skulle ta over for dei mindre skulane Myklebust skule og Berge skule. Bergsøy skule stod ferdig til skulestart i 1957 og vart få år seinare utvida med andre byggesteg slik at skulen fekk gymsal og badebasseng. Grunna store kull, vart likevel ikkje Bergsøy skule nytta av alle på Bergsøya før i 1972Ytre Herøy Ungdomsskule stod klar. I 1997 vart det opna småbarnsavdeling, Blåhaugen, i eit eige bygg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]