Bergsøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergsøya med Bergsøyfjorden nærast

Bergsøyfjorden er ein fjord på sørsida av Bergsøya i Gjemnes kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 4,5 km frå sørvest til nordaust, og ligg mellom Batnfjorden i sørvest og Tingvollfjorden i nordaust.

Fjorden har innløp mellom Hallset på Bergsøya i nord og Torvikbukt i sør og går over i Tingvollfjorden mellom Vorpskjæret ved Ranem i sør og Bergsøysundet i nord.

Riksveg 70 går langs nordsida av fjorden på Bergsøya, medan riksveg 666 går på sørsida.