Beringsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beringsnipe
Beringsnipe ved Victoria, British Columbia, september 2007 Foto: Alan D. Wilson
Beringsnipe ved Victoria, British Columbia, september 2007
Foto: Alan D. Wilson

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av beringsnipe
Utbreiinga av beringsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Beringsnipe C. mauri
Vitskapleg namn
Calidris mauri

Beringsnipe (Calidris mauri) er ein særs liten vadefugl i snipefamilien. Han hekkar på tundra i Aust-Sibir og Alaska, og er ein flyttfugl som overvintrar langs kystar i Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Beringsnipa veg 22 til 35 gram [1] og er 14 til 17 centimeter i lengd.[2] Vaksne har mørke bein og eit kort, litt nedbøygd, tynnt, mørkt nebb, tynnare mot nebbspissen. Fjørdrakta i hekketida er brunleg på oversida og kvit på undersida. Dei er raudbrune på hovudet. Denne arten kan vere vanskeleg å skilje frå andre liknande små vadarar, spesielt sandsnipe. Dette gjeld særleg i vinterdrakta, når begge artar er grålege på oversida. Beringsnipe skifter til vinterdrakt mykje tidlegare på hausten enn sandsnipe. Begge har små anlegg til symjehud og er dei einaste Calidris-snipene som har dette.[2]

Hekkehabitata er på tundraen på Tsjuktsjarhalvøya i Sibir og i vestlege Alaska. Dei hekkar på bakken, vanlegvis under litt vegetasjon. Hannfuglen lagar fleire grunne senkingar i bakken, og hoa vel ein av desse som reirplass og legg 4 egg. Begge foreldra rugar og tar omsut for ungane, som sjølv finn føde. Nokre gonger kan hofuglen forlate området før ungen er flygedyktig.

Utanom hekkesesongen beitar beringsnipene på grunne mudderbankar, søkjer med nebbet eller lokaliserer mat med hjelp av synet. Dei lever hovudsakleg av blautdyr, insekt og krepsdyr.

Dei gjer trekk til aust- og vestkystane av Nord-Amerika og Sør-Amerika, dei fleste til stillehavskysten i området California til Peru, men ein del av populasjonen kryssar det nordamerikanske kontinentet i retning Karibia og søraustlege USA. Dei praktiserer trekkdeling etter kjønn ved at hofuglar vandrar lenger sør enn hannar. På sørtrekket er timinga slik at hofuglar typisk startar trekket først, deretter hannar og tilslutt dei juvenile fuglane.[1]

Beringsnipa er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa, inklusive Noreg.[3]

Dette er ein av dei mest talrike vadefuglartane i Nord-Amerika med populasjon estimert til ca 3,6 millionar individ.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fernández et al (2010)
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  3. Søk på artsobservasjoner.no, ein observasjon fram til oktober 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Beringsnipe