Berit Aunli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Berit Kristine Aunli (fødd 9. juni 1956), fødd Kvello, er ein tidlegare langrennsløpar, fødd i Stjørdal i Noreg. Aunli representerte Strindheim IL. Ho er gift med Ove Aunli.

Berit Aunli tok sin første internasjonale medalje i Vinter-OL 1980, då Noreg tok gull i 4 × 5 km stafett. Gjennombrotet hennar kom under verdsmeisterkapet i Oslo i 1982, då ho vann tre gullmedaljar på 5 km, 10 km og 4 x 5 km stafett, i tillegg til at ho kom på andreplass under 20 km klassisk etter den sovjetrussiske utøvaren Raisa Smetanina. I 1981 vann ho gullmedalje på 20 km. Sesongen 1981–82 vann ho verdscupen samanlagt framføre Brit Pettersen på andre. Aunli har til saman 15 NM-titlar.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]