Berjozovaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berjozovaja
Munning Kolva
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 208 km
Middelvassføring 95 m³/s
Nedslagsfelt 3 610 km²

Berjozovaja (russisk Берёзовая ) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kolva frå venstre. Elva er 208 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 610 km².

Elva startar der dei tre elvane Severnaja Rassokha, Vostotsjnaja Rassokha og Juzjnaja Rassoka (Nordre, austre og søndre Rassokha) renn saman. Ho renn nrodaustover og munnar ut i Kolva nedanfor landsbyen Korepino.

Dei største sideelvane hennar er Pyram, Zjernovka og Valaj frå venstre, og Inja, Øvre Rasia, Burunduk, Burkim, Vizjaj, Buzjuj, Kremennaja og Nemyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]