Berjozovyjeøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berjozovyjeøyane (russisk Берёзовые острова; Berjozovyje osrtova, tyder «Bjørkeøyane») er ei øygruppe i Leningrad oblast i Russland. Øyane ligg inst i Finskebukta, like utanfor byen Primorsk og Det karelske neset.
Det er femten øyar i gruppa og den største er Bolsjoj Berjozovy (Store Berjozovy). Andre øyar er Zapadny Berjozovy (Vest-Berjozovy) og Severny Berjozovy (Nord-Berjozovyj). Øyane strekkjer seg 200 km langs kysten og har eit totalt areal på 92 km². Fuglane er ein del av eit fuglereservat og eit av Ramsarstadane i Russland.
Mellom dei to verdskrigane høyrte øyane til Finland og kommunen Koivisto (svensk Björkö). Den største busetnaden på øyane var då Saarenpää. Øyane har gjeve namn til Björkö-traktaten (1905).
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Beryozovye Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2008.
